desember 2009

Zanzibar

I det siste har eg høyrt mykje på Bjørn Eidsvåg. Han har kome ut med ei samling av det han sjølv meiner er dei beste songane hans. Med på plata er ein song som har vore sitert flittig både i Finnma...

Sykkeltur

Knut festar på seg knebeskyttarane. Det skulle visa seg at desse glir ned akkurat når du dett, og du blir oppskrapa på kneet likevel. Eg veit ikkje kva som ventar meg her. Då hadde eg ikkje flirt s...

Kåre-Afrika 1-1

Eg har vore på mototsykkeltur. I går var eg det. Eg fekk ikkje blogga om det då, for straumen gjekk. Straumen er forsåvidt vekke ennå, men nå kjører me aggregatet litt. Men der minkar det visst på ...

Arusha

Vel framme i Nairobi. Familien Indrebø møtte oss med sin utsøkte Landcruiser.Pause under Akasie-tre. Her kom det masse folk plutseleg. Eg veit ikkje kva dei ville. Dei såg på oss. Me såg tilbake. D...

Hapana hii

No er eg i Arusha. Sit på terrassen til Knut og Inger Line. Eg drikk kaffi og ser utover byen. Det er skog så langt auga kan sjå. Skog og eit par mobilmaster og nokre få hus. Men mest skog. Dei har...

Samtaleemner

Eg hugsar då eg var atten år og gjekk på Bildøy. Det var få ting eg mislikte meir enn når det kom militærfolk på besøk til folk på skulen. Når militærfolka kom, visste eg kva som kom til å skje. De...
kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits