september 2007

Microsoft

Eg har alltid likt Microsoft. Dei har gjeve meg det livet eg kjenner i dag. Dei har gjeve meg datamaskin og internett og nettspeling. Det kan henda at dette er ei forenkling og fordreiing av sannin...

Skriva

- Du må finna deg ein plass å skriva. Du må kjøpa deg ei bok, du må setta deg ner på ein rolige plass, og så må du skriva. Skriv akkurat det som falle deg inn. Men skriv. Skriv konsentrert, ikkje t...

MSN Messenger

Eg er ikkje overtydd om at denne overskrifta stemmer heilt med det eg skal skriva om, men skitt la gå. Eg skal lova å koma innom Messenger før eller seinare. Det siste døgnet har vore eit rart døgn...

Høgre

Dette er ikkje ein blogg om valg, men ein blogg om tilfeldigheter som råkar. Eg lot tre elevar sitte på til bensinstasjonen i dag. Planen var å køyra inn og rekka tilbake til neste time. Vel framme...

Takk ska du pigede ha

Takk skal du ha. Det var på grensa til snilt gjort. Du kunne jo ha gjort det heile mykje meir ugreit for meg enn du gjorde. Du kunne ha tatt fiskeutstyret mitt og ipoden min, du kunne ha raska med ...
kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits