juni 2009

Eit år forbi

Det blir mykje Lundeneset for tida. Det er naturleg. Dei som ikkje bryr seg om deg som skjer her i Ølensvåg, kan heller gå på denne sida og sjå kor gale det er i utlandet. Eg hadde snudd i døra. Fo...

Tomt nes

Lundeneset er tomt. Det gir rom for ettertanke. I kveld tenker eg på dette:- Eg er veldig glad mange kjem tilbake i august. Eg veit at ein skal gleda seg til sommarferie når det er midten av juni, ...

Eg kunne godt tenkt meg

Å sitje på terrassen og brenne bål i grillen kvar kveld. For det er umåteleg kjekt. På tysdag fyller eg året igjen. Eg er i midten av trettiåra nå. Kor sjukt er ikkje det. Då skal me brenna bål i g...

På G

Betyr ikkje lenger at noko er bra, flott, i orden, ikkje rotete, laina opp. No betyr det at noko er på gang. Vel og merke berre dersom du er født seinare enn 1988. Dette er ein av tinga eg har fått...
kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits