mai 2007

The Erik code

Ein kamerat har vore så venleg at han har lete meg få eit innblikk i sine avanserte og høgst akademisk forsvarbare teoriar om det annet kjønn. Denne kameraten min kjem eg ikkje til å nemna med namn...

To sko og eit golv

Ifølge dei som veit slikt, er dette eit sjeldant syn. Golvet på Garage i Bergen. Ingen av skoa tilhøyrer meg, men foten min er oppi ein av dei. Eg har vondt i høgre tå på grunn av den skoen. Den an...

Det blogges

Å ja. Det har vore slakke tider. Det har rett og slett vore så gale at eg har vurdert å ta blogg-sommarferie for å sleppa den vonde samvittigheten som gneg meg fordi eg ikkje held bloggen i live. E...

Kva seier SV til dette?

Ulv drept av tog

Lovlause tilstandar på Finnøy...

... er overskrifta i denne artikkelen i Aftenbladet i dag. Det er Texas på Finnøy. Det er vilt. Det er pigede nesten som ein skulle tru det er ein fognabu på desken i Aftenbladet. Kva er det som sk...
kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits