mars 2008

Det har vore litt av ein dag

Lenge sidan forrige kvardagslivspost - her kjem ein for folk som er ekstremt spesielt interesserte. Det er jo påske. Og fridagar. Og lysare tider. Me får høve til å gjera andre ting enn me gjer til...

Etter Gardermoen

Eg kom meg til Sola etterkvart på måndag. Flyet landa klokka 0015. Eg hadde med andre ord god tid på meg til å nå halv to-ferja. Då ville eg vere på Lundeneset kvart på tre, og dersom me skal vera ...

Gardermoen og livet

Eg slit. Eg sit på Gardermoen, og eg slit. Planen var å ta fly klokka halv ti. No er ho ti på ti, og eg sit her og ser på restene av ein smaklaus og ubrukeleg smoothie med dvask smak av pasjonsfruk...
kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits