januar 2008

Husfred

Eg sit på flybussen frå Oslo. Sjåføren har ein skrekk her i livet. Og det er at passasjerane hans skal frysa ihjel. Det vil han ikkje ha noko av, sjåføren. Han har difor stilt opp varmeapparatet på...

Med eitt ord

Eg er ei hermegås.Svar med berre eitt ord.Kan.Berre.Skrive.EITT.Ord.1. Kor er mobilen din? Sofaen2. Skildre kjærasten din? Ventande. 3. Håret ditt? Ikkjeeksisterande. 4. Mor di? Gild. 5. Far din? A...

Tre bilder

Eg har fått den totale og fullstendige bloggdilla i kveld. Har lese gjennom mange gamle innlegg og funne ut at det var jammen kjekt å ha blogga i snart to år. Dette er det nærmaste eg kjem til å bl...

Ting som neppe vart gjort med det første

Den 5. januar for eit år sidan laga eg følgande bloggpost: Ting som neppe blir gjort medet førsteEit år er forbi, og eg finn det opportunt å fortelja dykk korleis det gjekk med desse prosjekta. Det...

Retting

Det har vore mykje klaging på bloggen min. Ikkje skriv eg noko, eg slettar kommentarar, eg skriv berre dystert og trist. Elendige klagerar. Den ytterste pinsle av ein periode i skuleåret er her: Ka...
kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits