Hus
Sommaren er over. Hausten er over oss. Eg skal byrja å blogga att. Mangt og mykje har skjedd - her er ein kort oversikt over kva som har skjedd dei tre siste månadane:
Juni
Avslutning på skulen, tårer og snørr, tur til Tana, retur til Lundeneset for sommarjobbing og fotball-VM. Ingen laks.
Juli
Heim til Finnøy. Krabbefiske, bryllup, nausthygge, laks på 6,2 kilo, countrykonsert med 90 mann og kvinn på konsert, slekt på besøk,mange hyggelige kveldar i holmar, neset, løa, altanen, plenen, den endelige introduksjon av mine søskens betraktelig bedre halvdeler, smerter over vissleiken om at hausten snart ville kome.
August
Byrja på jobb i Ryfylke LIvsgnist, Tomatfestival, lange dagar, særs hyggeleg, kjøpte hus, byrja på Lundeneset att.
Og for å ta dette med hus, sidan det har blitt seinsommarens store snakkis blant søskna mine.
Eg har altså kjøpt hus. Det skjedde spontant ein laurdagskveld då me sat i nabohuset til huset eg har kjøpt. Tysdagen etterpå vart budet mitt akseptert, og nå går eg og ventar i smerter på å få vita kor mykje eg må betala i månaden i renter, avdrag, straum, vatn, renovasjon, forsikring og all anna vondskap huseigarar må uroa seg over. Eg flyttar inn 1. september. Dersom nokon har lyst til å leige eit rom eller to, ta kontakt. Eg tilbyr særs gunstige betingelsar.
Dette huskjøpet førte til at eg i hui og hast laut flytta ut av husværet mitt på Lundeneset. Det er utruleg kor mykje drit ein liten leilighet kan samla saman på fire år, og det var eit hendelse å få alt ut. No bur eg på eit loft på skuleområdet der eg leiger eit rom i huset der to kollegaer bur.
Ein litt personleg blogg dette, men ein grei oppsummering av sommaren 06.
Til helga skal eg og Kjell Arne begå den årlege hytteturen til Suldal. Dette året blir Nillen og Bleien med, så det kan bli særs festlig.
Til slutt vil eg oppfordre alle til å gi Tore og Kjetil dei største lykkeønskingar med framtida saman.

El Toro
23.aug.2006 kl.20:55
syster
25.aug.2006 kl.19:47
oddvar
25.aug.2006 kl.23:17
skummelt.. eg ska lø meg te mandal me skilt så fort eg kan! Sallan for ein tur. Må***r Fø****g Mandal asså, blir legendarisk!! lat oss alle glede oss over huskjøp, me trenge ein plass å gjømma øle før balder knabbe de
andersen
08.sep.2006 kl.16:19
lise
11.sep.2006 kl.15:57
11.sep.2006 kl.16:05
Madland, Simon
02.okt.2006 kl.20:32
Fosse, fosse.
dorrit
05.okt.2006 kl.14:38