Julebrev 2015

Kjære familie, venner og alle andre som les dette. 

2015 har vore eit heilt vanleg år. Det har ikkje skjedd noko spesielt i livet mitt. Eg bur framleis i eit blått hus på Finnøy, og arbeidar framleis på Lundeneset og i Ryfylke Livsgnist. Eg køyrer framleis el-bil, og eg vert framleis irritert på dei som meiner at alle el-bilsjåførar er snyltarar på samfunnet. 

Det einaste som vel må kunna seiast å ha skjedd av større ting, er at eg har blitt 40 år. Det er vel ikkje akkurat ein prestasjon, meir eit faktum. Eg feira dagen opptil fleire gonger og på ulike måtar. Alt var gildt. 

Eg har ingen ungar eg kan fortelja om framgongen til i julebrev, men eg har fått to nieser som eg er med så mykje eg kan. Erle (2,5) og Ane (straks 1) har så definitivt hatt framgong i 2015. Erle har lært å snakka så godt at det går an å ha ganske så djupe samtalar med henne, og Ane har klart å ved vræling kommunisera såpass godt at onkel Kåre veit når han må gå rundt og bære henne, og når det er OK å setje seg ned. 

Folk plar og å fortelja kva dei syslar med i desse julebreva som blir sende ut. Eg syslar ikkje med så mykje. I 2015 har eg reist litt, og fiska litt laks. Samt vore på arbeid. Det er kjekt å vera på arbeid. Det er vel slik at eg nå har vore på same arbeidsplassen sidan august 2002. Dei første elevane mine har bikka 30. Med andre ord er det ikkje lenge til dei første ungane av dei første elevane mine byrjar på vidaregåande. Det kan vera at eg då må ta ei vareteljing og finna ut at eg har vore på same stad lenge nok. Inntil vidare er det i grunnen kjekkare enn det har vore nokon gong. Problemet er at eg treff så forbaska mange kjekke folk gjennom denne jobben, og då vert det fort eit herk å avslutta det heile.

Å ha to liv har og mange føremoner. Når eg er på Finnøy, er det ingen som sender opp rakettar utforbi soverommet mitt. Når eg er på Lundeneset, har eg folk å vera med og noko å finna på alltid. 

2015 har og vore eit år der eg har blitt klar over at samfunnet vårt er på veg til å bli øydelagt. Det er visst ikkje aldeles for seint å gjera noko med det, men det som må gjerast høyrest såpass ilte triveleg ut at eg heller er viljug til å ta sjansen på at det går greitt å sleppa nokre forhutla flyktningar inn i landet vårt. Men det er klart, dette er veldig naivt. Taktikken min er å vera snill med flyktningane, slik at dei i det minste ventar ei stund med å skyta meg når dei skal oppretta kalifatet her om ein ti-femten år. 

Tidlegare i dag var eg ein stad der det vart baka julekaker. Ei av jentene som dreiv og baka, sa plutseleg, heilt ut av det blå: Kvifor kan ikkje berre alle vera snille med kvarandre? 

Eg hadde ikkje noko godt svar. Eg sa vel noko slikt som at me må prøva å vera gode med kvarandre, alle saman. Og så får me vona at det smittar over. Og at dette er noko kvar enkelt person må tenkja over og gjera noko med. Dersom me er sinte og ugreie, endar det som regel aldri godt. 

Med dette vil eg seia at alle må ha ei så god jul dei er i stand til. 

Eg vil og beklaga for å ha skrive det mest deprimerande julebrevet eg nokon gong har lese. Årsaka til at eg aldri skriv slike brev, bør no vera openberra for alt folket. 

 

2 kommentarer

Marian

24.12.2015 kl.10:59

Eg syns du e på god veg med å vera eit førebilete på å vera snill. Du har vore svært snill og hyggelig kvar gong eg har møtt deg i 2015. Kan d ha noko med at du er redd eg skal skyte deg eller har du bare hatt godt av å bikke 40 eller er d fordi du har blitt onkel ? Ikkje veit eg men triveleg er det ! God jul!

Ola

10.04.2016 kl.01:09

Kåre! :-)

Marita helser så mykje.

Me må verkeleg sjå til å treffast i sommar.

Ola

Skriv en ny kommentar

hits