Sommarbåten

I morgon kjem NRK sin sommarbåt til Finnøy. Dette er ei hending som har prega samfunnet eg bur i i nokre månadar no. Sommarbåten kjem. Me får vist oss fram. Me skal på fjernsyn, heile gjengen. Og du og du så gildt det er. 

Eg har vore, ikkje uventa for dei som kjenner meg, noko avmålt. Eg tykkjer det er pinleg å sjå folk som står og hoppar opp og ned bak kamera når journalistar intervjuar gjester. Og endå verre må det jo vera om eg faktisk kjenner hopparane. Eg tykkjer det er skrekkeleg når folk frå Finnøy er på fjernsynet og seier nautne ting dei aldri skulle ha sagt. At NRK bestemte seg for å leggja turen til Finnøy, tykte eg såleis høyrtes temmeleg skremmande og farleg ut, både for mitt og kommunen sitt omdømme. Me driv trass alt og prøver å gjera oss lekre for andre kommunar som me skal bli slegne saman med. 

Første del av sommaren 2011 vart i Norge prega av at NRK sende Hurtigruta minutt for minutt. Eg var ein stor tilhengar av dette, og såg så mykje eg kunne. Særleg etter at Polarsirkelen var kryssa, tykte eg dette var spektakulært triveleg å sjå på. Folka som stod på knatt og knaus og vinka til båten. På stader ikkje ein gong Oddgeir Bruaset har laga TV-program frå. Det hender faktisk at eg grev fram nokre klipp frå arkivet frå denne turen, og tek ei ilta reise tilbake til ei tid då nokre ting var mindre kompliserte i landet vårt. 

Så det er ikkje det at eg var skeptisk til konseptet i utgongspunktet. Slett ikkje. Sjølv om det alltid kan bli for mykje av det godt. Men der Hurtigruta haldt seg heilt ute ved kysten, kunne Sommarbåten ta avstikkarar og helsa på stader som slett ikkje får hurtigruteanløp og andre staselege vitjingar. Så det er jo ikkje rein kopi. Sjølv om ein knaus stort sett er ein knaus, og eit flagg eit flagg. 

Men det var altså noko med hoppande folk, båtar som køyrer med piratflagg, toskar som tøffar seg på vannscooterar og slikt eg var skeptisk til. For eg kan leva med det når folk andre stader gjer dette. Dei oppfører seg jo berre slik eg forventar framande skal oppføra seg. Men vissleiken om at også finnøyfolk kom til å toska seg til på riksdekkande fjernsyn, var ikkje noko eg var overveldande begeistra for. 

Så, i kveld, såg eig ei melding på Twitter. Der var det eg har skrive til no omtrent oppsumert i eitt enkelt spørsmål: 

Er jeg alene om å synes Sommerbåten er et pinlig og fryktelig kjedelig konsept? (@BNmarit)

Meldinga vekte engasjement, og det var fleire som ytra seg med meininga si. 

Og det fekk meg til å tenkja litt. 

Dei siste dagane har det nemleg hendt eit par ting som har gjort at eg nok ser litt annleis på sommarbåtvisitasen på Finnøy i morgon. 

I føremiddag sat eg og såg på direktesendinga på veg mot Utsira. Eg har ikkje sett eit einaste minutt av direktesendinga til nå i år, så eg veit ikkje om det var spesielt i dag, men for meg blei det akkurat som å oppleva den lyse og lette stemninga frå tidleg juli 2011 om att. Eg fekk, til mi store overrasking, klump i halsen. Folk på svaberg og knausar, viftande med flagg og plakatar med helsingar. Det var noko vakkert og gripande over det heile. 

Og så: Finnøy kommune legg opp til stormønstring i morgon. Dei har verkeleg grepe tak i at Sommarbåten kjem, og arrangerer folkefest. I same slengen har dei slege seg saman med ein av misjonsorganisasjonane på Finnøy - me har trass alt haugevis med kyrkjer og bedehus på øyane våre - og laga det slik til at heile dagen blir ein gigantisk innsamlingsaksjon til eit sjukehus i Nepal. Det byrjar å bli nokre månadar sidan jordskjelvet no, og verda si merksemd har flytta seg langt vekk frå folk som framleis lid og treng hjelp. Ikkje ein gong den suraste humanetikar bør kunne klara å irritera seg over dette. Men eg har teke feil når det gjeld humanetikarar før.

Det blir basar, det blir matsalg, det blir nesten som ein liten festival. Eg har som sagt vore temmeleg avmålt til heile sommarbåtbesøket, og har nok ikkje gjort ein god nok jobb med å setja meg inn i kva kommunen planlegg. Eg har vore mest konsentrert om å svara "nei" til å vera med og ta ansvar for ulike ting som skal skje denne dagen. Det er laksesesong, trass alt. Og ein veit aldri når regnet kjem. Men dei siste par dagane har det for alvor gått opp for meg kor imponerande innsatsen denne dagen faktisk er. Det skulle ei mild utskjelling frå ein kompis til  for å få alvoret til å gå opp for meg. "Dersom du tykkjer dette er flaut og pinleg, er du ein større tosk enn eg trudde", sa han. Og han har sjølvsagt rett. 

Eg kjem neppe til å stå på spissen av Vignes-neset og hoppa med eit flagg, men eg har tenkt meg ut og setja teinene ein gong på føremiddagen. Og når båten kjem til Judaberg, er det ein viss fare for at eg har teke turen inn for å treffa kjende, sjå mor mi bli intervjua av Tore Strømøy og støtta Nepal-innsamlinga. 

Men eg skal ikkje stå og hoppa bak kamera når mor mi snakkar om tomatsyltetøyet sitt. Eg lovar. 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits