Glasdøra

På veg ut frå badet i dag var det rett før ein av desse tinga som ville gjort bror min djupt lukkeleg, skjedde. Eg var på nære nippet til å gå rett gjennom ei glasdør. Vanlegvis er døra åpen. Dei siste dagane har det vore så kaldt og gufse at eg har prøvd å ha ho att for at den stakkar panelovnen min skal ha ein sjanse til å halde stova mi varm i leiligheten min på Lundeneset. 

Vel vel. Som så mange gonger før fekk denne vesle hendinga mi meg til å tenkja. På stader eg har budd, og på det som har skjedd der. Eg fekk behov for å ta ein gjennomgang.  

Nordre Vignes, 1975-1994
Barndomsheimen. Ein stor tomannsbolig. Vil alltid vera det som er heime. Enorme minner. Blir framleis vitja ofte. Ein dag på Finnøy utan at eg stikk innom her er sjeldan. Etter at foreldra mine bygde ut kjøkkenet til å bli ein slags spektakulær observarsjonspost over Boknafjorden har attraktiviteten auka ytterlegare.

Bibelskulen Bildøy, 1994-1995
Her budde eg på eit internatrom. Mellom tre damer. Ei frå Volda, ei frå Bjerkreim og ei frå cirka Kvinesdal. Det var triveleg. Det var den første staden eg budde utan foreldra mine. Eg fekk nokre gode vener der. Den av dei eg hadde mest med å gjere er død. Det plagar meg. Eg har vore tilbake ein gong etter at eg gjekk der. Det som måtte ha vore av magi var borte.

Granlunden 5b, Stavanger 1995-1997
Her budde eg med Tor Øyvind. Eg studerte. Jus første året. Det var ikkje noko særleg. Så kristendom. Det var betre. Leiligheten var gigantisk. Me sparka fotball der inne. Dette var den tida i livet mitt der eg åt fiskepinnar. Eg langskjems av mykje som skjedde her. Fiskepinnane er berre byrjinga. Etter at eg flytta fortsette Tor Øyvind å bu der. Eg trur eg var innom ein gong medan han og kona budde der. Han me leigde av, er død. Eg lurar av og til på korleis det gjekk med kona og dottera. 

52 Holland Park, London 1997-1998
Det lukkelgaste og viktigaste året i mitt liv. Eg budde på to forskjellige rom. Små. Naboane høyrte alt eg foretok meg. Det hadde ingen livsforringande effekter. For meg. Dette var eit år utan bekymringar av nokre slag. Kfuk-hjemmet blir framleis hyppig vitja når eg er i London. Å seie at London-året har prega meg i etterkant er ikkje å overdriva. 

Maukstadmoen, Indre Troms 1998-1999
Militæret. Eit år eg er takksam for å ha fått oppleva. Utan militæret, ingen Erik Lunde. Livet mitt ville vore fattig utan Erik Lunde. Me var fire presteassistentar, ein vietnameser og ein halvgalen same på rommet. Det gjekk gale ved opptil fleire høve.

Møllegata 96, Stavanger, 1999-2001
Studenbule. Andre etasje i gammalt hus. Her budde eg med fleire. Stian. Bjarne Håvard. Knut. Tommen. Sikkert ikkje pussa opp sidan femti, sekstitalet. Me stortreivst. Heilt til me såg oss nøydde til å flytta ut på grunn av utidig innblanding i privatlivet frå dei som var huseigarar. Det er mogeleg at huseigarane har ein annan versjon av kva som skjedde enn oss, men det kokar ned til at dei trudde me opererte eit bordell og dreiv med narkotikasalg. Denslags skuldingar kunne me ikkje leva med.

Furrasgate, Stavanger 2001-2002
Eit kort opphald. Ein låg leilighet. Inngangen lukta rotte. Men ellers var det greit. Ingen særlege kjensler for denne plassen. Eg budde her med Knut. Han var stort sett ute og sprang etter damer.

Huset til Lars Dalen, Lunde, 2002-2006
Her budde eg dei fire første åra på Lundeneset. For første gong budde eg heilt åleine i ein leilighet. Internett var kome for å bli. Ein legendarisk stad å bu for ein ungkar. Eg held framleis dusjen hjå Lars Dalen for å vera den beste eg har brukt. Ein unik kombinasjon av trykk og temperatur.

Kindingstad, Finnøy, 2006 -
Huset mitt. Som eg kjøpte i september 2006. Som lek frå taket fordi takpappen i følge Kjell Morten er noko drit. Her har eg hatt mange av dei lukkelegaste augneblinkane i livet mitt. Og nokre av dei tyngste. Det er vel slik det er med hus.

Leilighet nummer 1 på Lundeneset, 2006-2008
Då eg kjøpte meg hus på Finnøy, måtte eg foreta reduksjon av kostnadar. Eg flytta inn med to damer som eg jobba med. Det var eit interessant eksperiment. Eg hadde mine tankar om korleis det skulle vera å bu i kollektiv. Desse innebar til dømes at eg tenkte at det kunne vera ein god ide å ha ein slags plan for felles gjeremål som vasking av ulike rom, støvsuging og slik. Damene meinte at dette kom til å gå av seg sjølv. Eg sa at det kom heilt sikkert til å gå av seg sjølv, men at utan faste rammer på dette området kom min innsats til å bli svært laber. Eg fekk rett. Dei hadde nok lyst til å ta meg av dage mange gonger. Heldigvis lot dei set alltid blidgjera ved at eg laga god middag til dei. To vekers surmulling vart reparert med ein reinsdyrfiletmiddag. Tenk om livet ellers hadde vore så lett. Dei siste par månadane i dette huset budde eg berre med ei av damene. Ho andre stakk. Eg trur ikkje det var min feil, men er ikkje heilt sikker. Opphaldet i denne leiligheten enda med at eg flytta ut ei veke før eg eigentleg skulle, fordi ho som eg budde med fekk besøk av ei venninne som brukte grillen min som askebeger. Eg likar ikkje at folk brukar grillen min som askebeger.

Leilighet nummer 2 på Lundeneset, 2008-2013
Her budde eg med Andreas og Eirik.  Andreas er fødd i 1988, men har så lenge eg har kjent han oppført seg meir vakse og ansvarleg enn det eg har vore i stand til. Eirik er og 88-modell. Han var meir som meg, og kunne finna på å bli sitjande oppe ei heil natt om det passa seg slik. Leiligheten bar preg av å ikkje ha vore pussa opp på år og dag, men hadde av alle ting varmekablar i golvet på soverommet mitt. Og så hadde me ein gild terrasse der me kunne brenna bål i bålpanne. Sommar som vinter. Denne leiligheten har eg sove ekstremt mykje i. Eit par av åra her gjekk eg nærmast i hi om vinteren. Sov og sov frå november til februar. Eg og Andreas klarte oss godt. Så godt at eg fekk vera toastmaster i bryllupet hans. Honoraret var at han betalte det me hadde uteståande på straumrekningen. Eg veit ikkje kor mykje det var. Men eg veit kva det skuldast. Varmekablane på soverommet mitt.  

Leilighet nummer 3 på Lundeneset, 2013- 
Den første nyoppussa leiligheten min på Lundeneset. Kvite, reine flater. Sjølvkomponert kunst på veggane. Stål-bord og svarte barkrakkar. Eit stilistisk meisterverk.

Og så var det denne glasdøra då. Som starta heile denne tankeverksemda. Det blei, av alle ting, litt alvorleg for meg dette med glasdøra. Tenk om eg berre hadde brasa gjennom henne? Eg hadde jo blitt alvorleg skada. Bror min kjørte handa gjennom ei glasdør i fjor. Eg var på vei til å GÅ gjennom. I så godt som Adams drakt. Det kunne blitt svært, svært sterke scener for redningsmannskapet.  


 

Ingen kommentarer

Tone

01.02.2014 kl.19:17

Herlige lesning. Eg kose meg kver gong eg får lesa det du skrive!

Skriv en ny kommentar

hits