Hotmail og Messenger

At 1997 er 20 år sidan om ikkje så altfor lenge, er aldeles ubegripeleg. Eg budde i London. Internett var noko eg såvidt hadde vore borti året før, då eg hadde begynt å studera. Eg studerte strengt tatt året før også, men eg fann fort ut at året på jus-studiet betre kunne brukast til anna enn å studera spissfindige lovar. Min personlege rekord i  bowling frå det året, står fjellstøtt framleis. Det var også det året av mitt liv eg har vore nærmast å klare å løfte mi eiga kroppsvekt i benkpress. Heldigvis vart det mindre av både bowling og benkpress i åra som kom. For mykje av denslags gir dårlegare livskvalitet, fann eg ut. Men det er ei anna historie.

Det eg skal snakka om - eller rettare sagt mimra om - no, har med internett å gjera. Og Hotmail. Det er seint på kvelden, eg burde vore i seng, men eg sov middag tre timar i dag og kjem ikkje til å få sova om eg legg meg no. Då er det betre å gjera noko av det eg gjer best - mimra og sjå tilbake på tider som var. Nokre av de som les bloggen min veit at de har kjefta på meg mange gonger fordi eg er melankolsk og lettrørt, men slik er det. Eg er ein slik som kan finna på å bli tankefull berre eg knuser eit glas.

I kveld fann eg nemleg ut at alle mailane på Hotmail-kontoen min var sletta. Borte. For alltid.

Det byrja med at eg ville finna den første mailen eg hadde fått frå ein god ven og slektning i Amerika. Han døydde for berre nokre veker sidan. Han var tremenningen min, barnebarn av bror til min farfar. Me hadde mykje kontakt sidan eg traff han første gong i 2002. Og no skulle eg finna dei første mailane me utveksla, tenkte eg. Det tenkte ikkje Microsoft.

Det må ha vore i august eller september 1997. Eg gjekk nedover Portobello Road, og var på utkikk etter ein internett-kafe. Eg hadde høyrt at slike skulle finnast. Ikkje så langt nede i gata, fann eg ein. Portobello Gold. Eg gjekk inn, og betalte 6 pund for å surfa på internettet ein time. Eg hadde hatt epost-adresse året før, men nå var eg slutta som student på Misjonshøgskulen og måtte stå på eigne epost-bein. Fyren som jobba på internettkafeen sa at eg MÅTTE jo berre oppretta ein Hotmail-konto. Så då gjorde eg det. Eg måtte velga eit brukarnavn. Eg valde kvignes. Eg måtte velga eit passord. Passordet har fulgt meg - i ulike versjonar - sidan. Den einaste staden eg framleis bruker det originale Hotmail-passordet mitt , er på innlogginga til SAS.

Og vips, så hadde epost-eventyret mitt starta. Eg skreiv nokre korte meldingar til folk eg hadde hatt epost-adressa til året før - og så byrja snøballen å rulla. Internettet var fantastisk. Det var kjærleik, lidenskap og takksemd. Eg visste at me kom til å bli veldig gode vener, eg og nettet. Og e-posten var ein del av det.

Ein kuriositet: På denne tida gjekk det an å gå inn på www.posten.no - skriva ein epost til dei - og få dei til å skriva denne ut og senda i vanleg post til folk. Det var berre mormor som mottok slike brev frå meg.

Året etter London var eg i militæret. Reint internett- og epostmessig vart det ei ørkenvandring. Me hadde tilgang på internett eit par gonger i månaden, og berre etter at me hadde gjennomgått eit kurs som nå i ettertid framstår som ganske latterleg. Men eg starta å leita etter slektningar i USA på nettet. Og ville prøva å komma i kontakt med dei. Det vart mange mailar til Vignesar rundtforbi i USA - det er eit veldig vanleg navn skulle det visa seg - før eg fann ut at mine slekningar hadde ein ekstra s i navnet. Altså Vigness.

Digresjon: Grunnen til denne ekstra s-en er mest truleg den gamle finnøydialekta - og måten navnet vart uttalt på. Eg brukar ein mellomting - alstå mellom den gamle uttalen og byas-uttalen. Bror min brukar byas-uttalen. Onkel Ingvar også. Vignes med lang i. Viiiiignes. Den gamle, derimot, hadde kort i, dobbel g og nesten ikkje e i det heile. Altså viggns med trykk på i-en. Då gamle Daniel kom til Amerika, har hans uttale av navnet ført til at det vart skrive med to s-ar. Våre amerikanske slekningar uttalar såleis etternavnet sitt på same måte som folk på Finnøy gjorde på byrjinga av nittenhundretalet. Denne digresjonen er forøvrig basert på såkalla superenkel forskning - utleda av mi noko over gjennomsnittlege interesse for fonetikk.

Men eg traff altså blink etter kvart. Eg fekk kontakt med slekta mi. Den første eposten eg sende til Dan var frå Maukstadmoen i indre Troms, ein vinterdag i 1999. Han hugsa alltid å påpeika kor stakkarsleg og forkommen eg høyrdest ut då eg la ut om militærlivet for han. Eg teikna ikkje akkurat eit bilete av ein tøff soldat. Me lo mykje av det.

Året etter militæret byrja eg for alvor på den vegen som - utan at eg visste det då - førte til at eg sat i ein sofa på Lundeneset i Vindafjord kommune mange år seinare. Eg studerte engelsk på høgskulen i Stavanger. Det året vart MSN Messenger lansert. Eg må ha vore svært tidleg med å ta tenesta i bruk  - Messenger vart lansert i juli 1999, og eg var på plass på datarommet på høgskulen ein månad seinare. MSN messenger integrerte mail og såkalla chatting - altså drøs - og revolusjonerte måten eg kommuniserte med omverda. Det er interessant å tenkja på at eg på dette tidspunktet framleis ikkje hadde skaffa meg mobiltelefon

Det var rart kor fort en nye teknologien vart integrert i kvardagen. Me fek oss internett heime hjå mor og far på denne tida - men det var framleis til dømes heilt uaktuelt å leggja inn nett i huset me budde i i Stavanger. Denslags var luksus.Men du, kor lyst eg hadde på det.

Heilt fram til 2005 var det meg og Hotmail. Ein oktoberdag dette året, oppretta eg imidlertid konto på Gmail. Hotmail forsvann gradivs ut, men MSN messenger bestod i mange år etterpå. Eg passa alltid på å logga meg inn på Hotmail for å sjekka om det var kome noko spanande i innboksen dei siste månadane, men etter kvart vart det lenger og lenger mellom besøka der. MSN messenger er også så og seie ute nå.Det skal visstnok leggjast ned innan kort tid.

Og i kveld fann eg altså ut at alle dei gamle hotmailane mine er sletta. Alt frå 1997 til 2005. Mest truleg fordi det er for lenge sidan eg var logga inn sist. Så då berre sletta dei alt. Dei første åra av epost-livet mitt. Borte for alltid. For ein gjeng, dette Microsoft. Det er jo litt som å brenna ein bankboks, berre fordi eigaren gløymde å stikka innom på ei stund.

No er det meg og gmail.

Gmail slettar ikkje noko som helst.

Der ligg alt. Det ligg eit tastetrykk vekke. Dersom eg skal søka for å finna noko, risikerer eg å finna ting eg skreiv til, eller fekk frå nokon, i ei heilt anna tid. 

Då blir eg sitjande og sjå, tenkja og fundera. Før eg leitar vidare etter det eg skulle finna.

Kva er best?

At alt forsvinn, eller at alt ligg der, ein millimeter under overflata?

Eg veit sanneleg ikkje.

2 kommentarer

Snigg

19.02.2013 kl.12:07

Skal dei sletta MSN? Nei, dette!!!

kvignes

19.02.2013 kl.12:21

Det skal dei. http://www.itavisen.no/905548/farvel-gamle-venn

Skriv en ny kommentar

kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits