Den åttande

Tana, 17. juli 2010 i tre-tida eller noko


Ei stor takk til fotograf Leiv Magne som knipsa dette blinkskotet. For ein laks.

For å forklara kvifor dette er den kjekkaste laksen eg har fått, må me ta ei litt grundig innleiing. Det er på sin plass å prøva å forklara mitt forhold til Finnmark.

Første gong me reiste til Tana var altså i 2003. Det var ein magisk tur som innehaldt traktorkøyring innover vidda i timesvis, lauvmakk i øyrene, læring av uttrykk me framleis ber med oss i kvardagen, midnattsol over Finnmarksvidda. Varme. Hytta me fekk låna - på underfullt vis. Kristian hadde ordna kontakt med det som skulle visa seg å vera ein heidersmann - Asbjørn Guttorm frå Karasjok. Han kjøpte reinsdyrkjøt til oss, slik at me skulle ha det godt inne på vidda. Då me kom fram til Beivvassgieddi etter fire, fem humpete timar  - der Bavvttajokha og Karasjokha flyt saman - kom me til vår overrasking til ei lita bygd. Bitte lita. Men når ein har kyrkje, så må det vel karakteriserast som ei bygd? Ei grav var det der også. Ei lita jente fekk ikkje leva lenge, og ligg no gravlagd langt der inne på vidda. Med eit lite, falleferdig stakittgjerde rundt grava.

Me innsåg straks at det ikkje kom til å bli lett å få laks. Veka før hadde det blitt tatt storlaks rett nedforbi hytta vår, men no var vatnet på retur og varmen slo inn for fullt. Me la oss til å sova, slitne som me var. Eg fant fort ut at her var det mange interessante insekter å forhalda seg til. Ikkje minst gjekk det opp for meg at klegg er verre enn mygg. Heldigvis hadde eg kjøpt myggtelt, og var førebudd. Eg la meg ned på madrassa, som var godt marinert av både myggmiddel og svette frå tidlegare brukarar.

Me fiska litt, og me fant ut at harren hadde gode kår i Karasjokha. Leiv Magne meinte han såg ein laks gå oppover med ryggfinna over vatnet. Kjetil hadde tru på at det oppover Bavvttajokha skulle vera storlaks. Kristian insisterte på å gå til Suorbmogorzi, der laksen stoppa. Kjetil og Morten vart med. Kjetil trassa bjørneskrekken sin, noko motvillig. Men laksesuget har alltid vore sterkare enn bjørneskrekken hjå den mannen, så ut bar det. Eg, Leffy og Leiv Magne vart att i leiren for å fiska. Det skulle visa seg at me nok var nærmare å koma fysisk til skade enn dei som la ut på vandring i bjørneterreng. Eg og Leffy havna nemleg i ein relativt alvorleg krangel om kva som er rett framgangsmåte ved steiking av egg og bacon. Leffy steikte nemleg egga først, til min gigantiske irritasjon. Eg fann det for godt å kommentera dette, og så var me i gang. Det heile enda med nokre timars furting, og det var aldri fare for at me skulle gå laus på kvarandre. Leiv Magne var trass alt der, og han er sterkare enn oss begge to. Til saman, mest truleg.

Eksedisjonsgutane kom ned, og kunne beretta om laks i fossen. Dei hadde ikkje fått nokon, men svære beist stod der oppe og stanga. Dei siste åra har det ikkje vore ein einaste gytelaks der oppe, heilt øverst i Karasjokha. Det gjer meg trist inn til margen.

Også ekspedisjonsgutane hadde hatt sine kontroverser - der kart og kompass var sentrale element. Men tilbake kom dei. Kjetil insisterer den dag i dag på at dei såg noko som må ha vore spor etter bjørn. Me traff så ein del Karasjokarar, ingen hadde fått laks og alle skulle heimover trudde dei. Me vart helst demotiverte, og fann ut at det einaste rette var tilbaketrekning til sivilisasjonen. Leiv Magne vart plassert i førarsetet på traktoren, og overraskande få timar seinare var me tilbake i Karasjok. Asbjørn lo godt då me kom ned att to dagar før planen, lettare medtatte og oppetne av mygg og klegg. Me fekk kaffi, og så reiste me nedover mot Tana bru.

Å køyra bil nedover Tanadalen er flott. Likevel, om nokon frå Karasjok eller Tana kommunar skulle lesa dette: Kan de vera gilde og gi nokon ei motorsag og litt betaling for å renska vekk skogen langs vegen, slik at me ser elva? Takk skal de ha.

Eg trur eg sov på mesteparten av turen, for noko av det første eg hugsar var Kjetil som viste plassen han hadde fått storlaksen sin eit par år før. Ei svær elv var det. Hjelpe meg. Eg såg ikkje heilt for meg korleis dette skulle la seg fiska over. Ettersom eg hugsar fekk me ikkje hytte med ein gong - eller fekk me og ikkje Kristian? Det kan vera at han og Morten måtte sova litt i telt den første dagen, ja. Eg har aldri heilt forstått det der med campingen på Tana og deira "fullt"-begrep. Det er ofte fullt, men me ser ingen som er i hyttene. Eg mistenkjer at dei ikkje gidd å vaska. Eller at golvet har dotte ut, og at dei ikkje gidd leggja nytt golv.

Men hytte fekk me då, etterkvart. Eg sovna som ein stein. Då eg vakna, hadde Kristian fått svidder, og det var berre nokre timar att før elva skulle stenga eit døgn. Eg fiska litt, utan å ha kjensla av at det var lov å håpa på napp. Det var denne kvelden ein utsvolta Kjetil kom med sitt legendariske utbrot om krav på middag. Kjøtet som Asbjørn hadde kjøpt til oss i Finland var endå med oss, og måtte tilberedast på eitt eller anna vis. Me sat der og snakka om me skulle laga middagen der og då, men sidan me ikkje hadde verken poteter, lauk eller sopp vart me einige om å drøyan til måndag. Då kom Kjetil inn dørene. Han ville ha middag. Då han høyrde om våre planar, mørkna han i augo. Han gjorde så krav på ein sjettedel av kjøtet, som han meinte var hans.

Eg klarar ikkje for mitt bare liv å hugsa om me faktisk ga han kjøtet. Eg trur ikkje det. Då hadde han sett det til livs rått, og det hadde eg hugsa. Eg lurer på om han måtte ta til takke med pølse på Shell. Men me har lært av denne episoden, og veit nå at når Kjetil seier han må ha middag, så må han det.

No var det blitt søndag kveld. Alle andre enn meg hadde vore oppe i timesvis, og var stuptrøtte. Eg var utkvilt, og stakk avgarde på opplevelsestur. Eg kjørte til Vadsø, utan at eg kan hugsa å bli særleg imponert av tilbodet dei hadde til besøkande seint om søndagskvelden. Ikkje ein døgnåpen bensinstasjon i sikte. Men midnattsol hadde dei, og Varangerfjorden låg der og spegla seg. Ein flott tur, som eg ikkje skulle kome til å gjenta før i juli i år.

Dagen etter mista eg laks. Det var grusomt. Eg stod nedforbi eit laksestengsel - som me som fiskar med flåge sjølvsagt hatar som pesten - då han beit. Resten av gjengen stod på land og såg på, og trudde ikkje det dei såg då eg plutseleg hadde laks på kroken. Eg trudde det ikkje heilt sjølv heller. Då Kjetil var komen heilt fram og skulle ut og ta han, datt laksen av. Dei plar spøka med at brølet mitt gjallar i Tanadalen ennå. Det er mulig dei har rett. Bitterheten var så stor, så stor. Å smerte smerte. Han var ikkje stor - kanskje rundt eit par kilo, men du kor hjerteskjærande det var å kjenna at snøret blei slakt.

Det var nok den første turen til Finnmark som gjorde at eg vart hekta på både laksefiske og Finnmark generelt. Det har blitt tur opp dit kvart år utanom i fjor, og eg har kome heim med ein sjøaure og ein smålaks. Me har og skifta fiskefokus frå å fiska i hovudelva til å prøva oss i side-elvene, og me har funne ein plass som er "heime" der oppe. Det må seiast at minst ein av dei lokale me traff i sommar nok kunne tenkt seg å sett fyr på leiren vår og kjeppjaga oss sørover ut frå blikka han sendte oss, men det er slikt som krydrar tilværet. Akkurat som trusselen om bjørn i skogen.

Då har eg forklart Finnmarksfacinasjonen - eller iallefall byrja å forklara han. Eg kunne og lagt ut om den andre turen me hadde til Asbjørn i Karasjok, om køyretur til Båtsfjord og Berlevåg, om kryssing av Ifjordfjellet  og om Skiippagurrafestival i nesten minusgrader.

Men det skulle dreia seg om nummer åtte.

Me reiste opp i midten av juli. Erik Lunde vart med oss som skårunge, med lånt utstyr og forsiktig entusiasme. Bil vart fiksa i siste liten, men då me kom opp, herska det ro og fred i laksegruppen. Me gjennomførte våre innkjøp blotta for stresset og jaget me har vore plaga med tidlegare år. Noko av dette skuldast at me på eit tidleg tidspunkt sørga for å vera akkurat harde nok med Kjetil som alltid får eit forferdeleg kav over seg så snart me landar på Høybuktmoen. Det verkar som om han veit om ein laks som står og ventar utålmodig på han i elva, og som stikk av dersom Kjetil ikkje møter opp til rett tid. Me fekk roa han ned allerede på den andre butikken me var på, og etter det var det harmoni og lykke.

Me kjørte innover og starta marsjen. Me kom fram til leirplassen vår, som mirakuløst nok var ledig dette året også. Eg og Erik gjekk og la oss tidleg, Kjetil og Leiv Magne fiska i regnet. Eg sov ikkje mykje før dei kom inn, og då hadde flaten meg Leiv M fått ei svidde. Me var i gang.

Dagen etter var det oppover elva. Leiv Magne og Kjetil gjekk vel forresten nedover, eg oppover. Erik haldt seg ved leiren og praktiserte det han hadde lært på eit meget, meget intensivt flågefiskekurs. Eg gjekk heilt opp i toppen av elva, der ho renn ut av eit vatn. Eg vassa meg utover og oppover. Det er sleipt med rullesteinar, og ikkje noko særleg triveleg å vada. Eg byrja å leggja ut flåga, og då eg hadde fått snøret skikkeleg ut, såg det bra ut. Og der beit ein laks på. Ein stor laks. Magisk. Men kva skulle eg gjere? Dersom eg vart ståande og laksen gjekk nedover, hadde eg ikkje mulighet til å koma meg raskt nedover. Dersom eg gjekk på land risikerte eg å mista laksen medan eg stavra meg innover. Eg stavra meg innover. Og laksen hang på. Då eg var komen heilt inn, gjekk svinet nedover i stryket. Eg hang med, men kort etter var snøret slakt og eg illsint. Full av bitterhet ringde eg til Leffy, som hadde opplevd det same på same plass eit par år tidlegare.

Eg gjekk så nedover mot leiren att. Tankane var mørke. Eg skulle aldri oppleva å få laks i denne elva, tydelegvis. Eg byrja å stilla spørsmål ved heile laksefisket. Ingen fisk hadde kome på land sidan 2. juni 2008, og eg var overtydd om at det kvilte ein slags forbannelse over meg som gjorde at eg aldri meir ville få laks. Kjensla av forbannelsar som kviler over ein blir ofte forsterka når ein går åleine i ein skog i Finnmark, der lumsk lokalbefolkning eller biske bamsar kan dukka opp rundt neste sving.

Halvveis nede til leiren kom eg til ein stad eg visste Leiv Magne hadde fått laks før. Eit fint brekk låg rett oppforbi. Det såg lovande ut. Eg vada meg ut, og byrja å leggja ut flåga. Ein dynamitt bunden av Kjetil. Då eg hadde fått ut passeleg med snøre, fekk eg til eit perfekt kast . Og der, midt på brekket, var ein laks oppe og smakte på herligheten. Men berre smakte. Han beit ikkje. Fortvilelse. Nytt kast. Eksplosjon på brekket. Ekstase. Total forvirring og opp med stanga og sveiva inn og sleppa ut og innsjå at her, her har eg mitt livs laks på kroken. Naturen, sinnsstemningen, måten fisken tok flåga på, alt var perfekt. Laksen gjekk nedover i hølen, og eg fulgte etter. Ein fire, fem skikkelege utras, så byrja laksen å gi seg. Å for ein laks det var. Eg tok det heilt roleg, og geleida laksen opp på nokre steinar der det såvidt sildra litt vatn over. Eg gjekk bort, løfta han opp, og gjekk i land medan eg klukkelo og takka Skaparen.

Laksen vart slengt på ryggen og frakta til leirs. Overraskinga og gleda vart stor, og det vart ikkje fiska noko særleg meir den dagen. Turen var redda. Sesongen var redda. Laksen hang i treet og livet var godt.

Me gjekk ned dagen etterpå. Leiv M. og Kjetil hadde og fått laks, og me måtte frysa dei om me skulle ha håp om å få dei med oss heim på skikkeleg vis. Ei natt på hotell i Tana var fantastisk - og kongekrabbemåltid med gode svenske venner likeså. Resten av Finnmarksturen vart for meg ikkje prega av så veldig mykje fisking, sjølv om eg jo hadde nokre sveip. At Erik og fekk laks på tampen av turen løfta årets Finnmarkstur til ein soleklar sekser på terningen. Eg fekk mitt livs laks, og alle dei andre på turen fekk fisk. Det har aldri skjedd før. Laget presterte så til dei grader.

No ligg laksen i frysaren til mor mi, og irriterer ho kvar gong ho skal henta noko der. Eg må nok snart finna fram Abu-röken.

6 kommentarer

29.09.2010 kl.23:25

vekt?

28.10.2010 kl.10:55

Drøyt langt innlegg. Fine laks då.

kvignes

28.10.2010 kl.11:00

Problemet her at eg har nummer ni og ti igjen, men eg e fremdeles utlada itte å ha fortalt om nummer åtta!

Helene

06.11.2010 kl.21:14

Vet du kommer til å le av meg neste time, men det bryry jeg meg ikke om forfaktisk ^^

Som en hyllest til en av de mest geniale lærerene som noengang har eksistert, eksisterer og kommer til å eksistere, gir jeg deg herved et kirsebær. http://www.remingu.com/?p=174

Marit Serine!

16.11.2010 kl.22:10

No er det på tide med eit nytt blogginnlegg! IKKJE om laks!

El Toro

24.11.2010 kl.15:19

Det at lakseserien har stoppa, og bloggen likedan, vil det bety at me må vente åtte år på neste oppdatering og ein ny lakseserie?

Skriv en ny kommentar

kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits