Den sjette

Stabburselva, 26. juli 2007 klokka 02.00


Den minste laksen eg har ftt i mitt liv - men du verda s gild han var.

Den sjette sat usedvanleg langt inne. Eg hadde gitt opp heile fiskinga, og hadde sett meg ned under eit tre med ei bok. Me var i Finnmark, og me var i Stabbursdalen. Ein vakker stad. Verdas nordligaste freskog. Og me hadde Morten Blom som guide.

gi Tana eit pauser var ikkje noko me gjorde med lett hjarte. Kjetil fekk overtalt med og Leiv Magne til byta ut Tana med Porsanger. Me reiste opp, og vart mtte av Morten. Han er det som p Finny ville blitt kalla ein friskus. Han er 50+, og relativt sprelsk for alderen. Nr eg skriv dette, har Morten flykta fr Norge for vinteren, og driv med kiting i eitt eller anna tropisk paradis. Svidt eg veit har han fiska lite laks etter at han var med oss p denne turen - eg mistenker han for prva slutta.

D me kom opp til Lakselv, hadde Morten nett ftt ein storlaks. Me vart relativt gira. Han bytta bort laksen mot transport ettersom eg hugsar - ein grei deal for oss. g innover mot Stabburselva var barnemat i forhold til g innover viddene i Tana. Her var det flatt og ikkje bratt, og heller ikkje s langt. Morten fekk sekken med lavvoen. Overraskinga hans var stor over at ein lavvo var s tung, men som tidlegare Forsvars-tilsett og FN-soldat klaga han ikkje hglytt. Det skulle seinare visa seg at det i sekken lg to lavvoar. Morten passar framleis p minna oss p denne fadesen med jevne mellomrom.

Stabburselva er vakker. Naturen er heilt spesiell, med freskog og litt smbjrk innimellom. Me slo leir saman med Morten og to karar fr Troms. Og me starta fiska. Me hadde usigelig god tru p dette. Det skulle imidlertid ikkje g lenge fr me fann ut at laksen sat langt inne denne gongen ogs. Me beslutta reisa oppover elva, dette fordra ein tur ned til Lakselv for kjpa nye kort og meir proviant. Lakselv sentrum er nok - eg beklagar seia dette - ingen vakker plass. N skal det seias at det er mange plasser i Finnmark som ikkje er vakre reint bygningsmessig. Dei blei jo relativt skamforne av tyskarane der oppe. Likevel m eg seia at det m d g an f det litt trivelegare enn dei har ftt det i Lakselv. Ein bygning her og ein bygning der, med litt skrap og drit imellom. Ikkje noko for auga. Men reinsdyrkjt hadde dei. Og ei gryte til ein billig penge.

Om kvelden var det fest i leiren med reinsdyrsuppe og meir fisking. Men laksen beit ikkje. Dagen etter la me ut p ekspedisjon. Me kryssa elva i eit konglomerat av sm vatn - i ein gammal bt Morten trudde han hadde lov lna. Kjetil var - det fins ingen annan mte beskriva dette p - drita nervs under btturen. Me sat fire mann i ein halvrten robt og lea oss sakte men sikkert framover. Eg ser tilbake p den turen som vakker, Kjetil har nok dystrare tankar vil eg tru.

Oppe i den nye kulpen traff me folk. Samuel Antti - ein godt vaksen flgefiskar og reindriftssame. Han ga oss bokna reinsdyrkjt og moltesyltety, og for det er me evig takknemlige. Me traff og ge - som tidlegare hadde vore gift med Mari Boine Persen. Det var ein kulturell bonus me ikkje hadde rekna med. Han dreiv forlag i Indre - eller var det Ytre - Billefjord. Og laks var der i hopetal. Det m ha sttt hundrevis av laks i den hlen. Men ikkje tale om at dei ville bita. Me fiska i timesvis, utan f eit einaste napp. Rundt oss hoppa laksen. Det var mest som den gongen eg fiska makrell midt i ein stim utan f napp. I Finnmark hadde eg ikkje hagle i bten. Det hadde eg p makrellturen...

Heimturen blei ikkje utan dramatikk, d me gjekk oss litt vill. Me gjekk i ein gigantisk sirkel fr me fann bten att.

Etter denne lange - og fiskemessig drlige - turen, mista eg gnisten. Eg tenkte at eg ville nyta den siste dagen i Finnmark utan ha laksedepresjon. Eg vart difor ikkje med p fisketur dagen etter, men haldt meg i leiren og las og pakka ned utstyr.

P kvelden kom Bjrn, kompisen til Morten. Etter ha fiska i fem minutt lg ein laks p land. Det var sjlvsagt gledeleg, men frst og fremst forferdeleg provoserande. Her hadde me fiska i dagesvis utan resultat, s kom denne Bjrn og fekk laks umiddelbart. Eg monterte stanga att og marsjerte ut i elva.

Heilt nede p brekket, der vatnet tippa over ein liten kant, beit laksen p. Det vart ingen storkamp - lydig og roleg vart han berga p land. Men du, kor glad eg vart. Ein kilo med laks kan gjera meg forferdeleg lykkeleg. Eg trur bde Bjrn og Morten fekk seg ei ny oppleving av kor glad eit menneske kan bli over noko lite, medan Kjetil og Leiv Magne hadde sette dette fr.

Laksen vart salta og lagd nederst i sekken. Der lg han nesten eit dgn fr han kom seg i frysa. Seinare p hausten vart han servert med poteter og agurksalat. Min frste Finnmarks-laks, men ikkje den siste.

2 kommentarer

El Toro

27.09.2010 kl.17:05

Har du fiska makrell med hagle?

kvignes

27.09.2010 kl.17:23

Eg kan dessverre ikkje var meir spesifikk enn eg allerede har vore.

Skriv en ny kommentar

kvignes

kvignes

37, Finny

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men s slr det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar st rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg br eg berre skrive denne omtalen av meg sjlv s lang at annonsa havnar s lang ned at ein m scrolle for sj ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert reklamera for noko som helst, det einaste mtte vera om nokon som produserer dyre tohnds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i f andre folk til meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt serise: Eg vil fortelja historier fr livet mitt, slik at sstera mi og bror min kan ha noko mora seg over i kvardagen. Dersom andre ogs finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits