Navlebeskuande oppsummering

Eg har vore på laksefiske i helga. Den siste laksehelga har dei siste åra vore forbunden med både opp- og nedturar. I år vart det helst berre opp, om ein ikkje tek med Viking-kampen. Og det gjer me vel ikkje? Nei. Det gjer me ikkje.

Eg fekk laks i helga. Det er ikkje noko som skjer for ofte, men i år var det tredje gongen. Difor er det på tide å gjera det eg no skal gjera, før eg byrjar å gløyma. Planen nå er å ta ein systematisk gjennomgang av alle laksar eg nokon gong har fått. Allerede her er det nok mange som ikkje orkar å lesa  lenger, men då er det viktig at du kjem i hug kvifor eg har denne bloggen: Den er for min eigen del. Ikkje din. At du les er kjekt, det er ikkje det. Men eg hadde nok hatt blogg sjølv om ikkje ei einaste sjel vitja han. Og dei som tenkte for seg sjølv at å gå gjennom alle laksane eg nokon gong har fått skal vera svinte gjort, kan berre klabba igjen. Høyrer du, onkel Ingvar? Dessutan skal eg ikkje ta alle på ein gong. Det får vera måte på.

Me byrjar med den første.

Nummer ein, Bjerkreimselva, 12. august 2005 klokka 0630


Eg hugsar det meste. Eg sto opp tidleg, tidleg. Eg gjekk ned til Skiftet, rett nedforbi campingvogna vår. Eg var framleis bitter og sur fordi eg hadde mista laks i Tana i det eg skulle landa han. To år tidlegare. Gru og smerte. Men det var lenge sidan, og eg hadde blod på tann. Blod på tann, sjølv om eg innerst inne aldri kunne tenkja meg at eg nokon gong kom til å få laks på flåge. Men så, heilt plutseleg, hogg det til. Eller hogg og hogg. Det var ikkje akkurat eit beist som beit. Å som eg skalv. Heile meg rista. Føtene gjekk som trommestikker. Eg sleit med å koma meg til land. Men til land kom eg. Laksen blei berga i land i ein bekk, og eg meiner bestemt at det var Kjetil som var med på landinga. Sjølv nektar han, og påstår at det var Leffy. Sikkert er det uansett at eg ringde heim og fortalde om storhendinga, som om det var eit barn som var kome til verda. All denne gleda for ei lita svidde. Men det er nå ein gong slik at den intense kjensla av lykke eg hadde då eg bar 1,2 kilo Bjerkreimsvidde opp til campingvogna ikkje kan liknast med så mykje eg har opplevd sidan.

Vel, utanom alle dei andre laksane då. Og no kjem det ein ny laksehistorie kvar dag framover. Er planen.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits