Ferjemenn II
Eg er på ferja att. Nedstrandferja. Den eg har slutta å ta etter at Finnfast kom med si freistande korte reisetid til Lundeneset.
I dag har eg vore på Hjelmeland. Eg skal ikkje trøytta lesarane med kva eg har gjort der, men kan kort nevne at Hjelmelandsturen vart avslutta med intens snømåking for å koma meg opp bakken hjå mormor. Det snødde tett medan eg var der, og det var på hengande håret eg kom meg opp på riksvegen. Dette skulle bli eit frampeik på kva som venta på Ombo.
Eg hadde sett i ruta at ferja gjekk 19.10 frå Eidsund. Omtrent som før, altså tenkte eg i min naivivitet. Kva er det dei grylar etter om dårlege ferjeruter tenkte eg. Det er jo akkurat som før.
Det var ikkje som før.
Snøen som hadde dala ned også over Ombo gjorde at eg køyrde meg fast i ei grøft. Brøytetraktoren hadde lagt ei listig felle for bilkøyrarane ved at det var brøyta mest i vegen, men og litt ut i grøfta. På denne måten skjedde det at det bilføraren trudde var veg, var grøft. Det såg nemleg ut som hardpakka vegsnø. Så var det hardpakka grøftesnø som venta. Då gjekk bilen gjennom. Og fast sat han. Du verda så fast han sat. Eg prøvde alle triks, til og med komme seg laus frå snø-knappen som bilen har. Ingenting verka. Eg måtte ut og gå.
Å køyre i grøfta på Ombo treng ikkje vera ein fornøyelse. Det kan vera langt frå folk. No var eg ikkje langt frå folk. Eg stavra meg oppover bakkane, og ringde på. Ikkje berre kjende dei ein kar med traktor og brøyteutstyr, dei inviterte meg inn for litt drøs mens eg venta. Eg vil seia at det var gildt å venta på brøytemannen. Brøytemannen kom, og etter ein kort passiar der me utveksla frustrasjon over været ? han i friskare ordelag enn meg ? kom eg meg på vegen. Eg trudde ferja skulle gå 19.10, og hadde god tid. Svært god tid. Eg kom til ferjekaien eit kvarter før tida.
Ute i snøkavet kom så ei ferje, når ho skulle ifølge ruta. Eg rulla eplekjekt ned vindauget og sa Judaberg! Det var ein for meg ikkje heilt ukjent ferjemann som bemanna lemmen. Han såg rart på meg. Det er ikkje noko nytt for meg at ferjemenn ser rart på meg. Men det han no sa overraska meg stort. ? Denne ferja går ikkje til Judaberg. Me skal til Helgøy.
Desse magiske orda.
Eg rygga oppover att, men då eg såg mot ferja vinka han på meg. Kva hadde skjedd? Tok han feil? Det hadde vore stort for meg om ferjemannen tok feil. Eg kunne fått noko på ein ferjemann. Eg skoda siger i det fjerne.
- Du den ferjå du venta på må du ringja te for å få na te å gå innom.
Akkurat. Fryd, glede og ro i mi sjel.
Han vinka meg om bord og sa at det greiaste var om eg vart med til Helgøy og Nesheim. Eg såg fram til ein gild kveld på ferja. Ferjemannen og meg. I snøstorm.
Innvortes kokte eg litt. Eg var viss på at ferja 19.10 skulle innom utan å måtta ringast til. Eg førebudde sinte lesarinnlegg til Øyposten om dei håplause nye ferjerutene som forkrøplar øyane utanom oss priviligerte som har fått tunell.
Oppe i salongen traff eg Reidar Roda, og me hadde ein meiningsfull og god samtale om håplause ferjeruter og snø som sug kreftene ut av oss. Då han gjekk av for å brøyta på Helgøy, fekk eg akkurat lasta ned ferjerutene som skulle gjelda frå 1. januar.
Der viser det seg to ting:
1. Det går inga ferje frå Eidsund til Judaberg klokka 19.10 på kvardagar. På søndagar gjer det det. Og då treng ein ikkje ringa for å få vera med (at ein mest truleg ikkje kjem med på grunn av hyttefolk frå Sjernarøyane står det ikkje noko om). Ferja eg skulle teke går 18.25, og eg hadde nådd ho lett dersom det ikkje var for denne elendige snødriten me er belemra med.
2. Ferja ein måtte ringje til for å få til gå innom passerer Eidsund i nitida eller noko. Altså førti minutt etter at eg er på Judaberg med mi noverande reiserute.
Kva har eg så lært?
a) Eg har lært at direkterute frå Nesheim til Judaberg ikkje er dumt når ein har drete seg ut og sett feil i dei (ikkje lett tilgjengelege) rutene og
b) eg har lært at ferjemenn kan forandra seg til det betre. Dei kan gå frå å vilja meg vondt til å bli folk eg få hjelp av, ta heisen med og til og med le litt med over kor innvikla dei nye rutene er.
Det som og slår meg er også to ting:
- Direkteferje frå Nesheim skulle vera slik ein gildt ting. Heile Sjernarøyane skulle reisa direkte til Judaberg på 20 minutt og det var ikkje måte på kor gildt det skulle bli. No sit eg har heilt åleine. Kanskje alle ventar i bilane sine på dekk?
Og ikkje minst:
- No hadde ein ferjemann for første gong ein grunn til å vera oppgitt over toskeskapen min. Og så blir eg ikkje hundsa med og hetsa. Eg blir ikkje latterleggjort. Eg får hjelp, og blir rettleia og ført frelst over fjorden.
Det må vera fordi januar endeleg har teke slutt. Dei merkar det, ferjemennene også.
Våren er like om hjørnet.
J
09.feb.2010 kl.00:18
Godt at ting vert betre. Men eg tykkjer at no skal gjera deg ferdig med desse ferjemenna. Desse er diverre ei utdøyande rase - som me, trass alt, kjem til å sakne.
Ta heller før deg desse søndagskøyrarane, som meir og meir også bruker vegane midt i veka - dei med hatt på hovudet og førarhund i passasjersetet. Dei kunne kanskje bli omtala, sjølvsagt med den respekt og varme som du er so god til å fram.
Ser fram til fleire gode innlegg ;-)