Ferjemenn

Alt var tima og tilrettelagt. Eg sa ha det til Lars, rygga nedover den islagte oppkjørsla mi og sette bilen i rørsle framover. Klokka var ti over sju. Eg kunne ta det med ro på turen over til Mortavika i dag. Eg skulle rulla inn i billettlukeområdet klokka to på halv, trekke fram kortet mitt og så rulle inn på ferja. På øverste dekk.

Og det starta bra. I tunellen traff eg lite bilar, eg tok det med ro, eg lo litt av dei som blir tatt i fotoboksane. Sutrepavar. Dei køyrer for fort, dei blir tekne. Slik er livet. Litt konsing om køyringa, så går det bra. Den dagen eg sjølv blir teken, kjem eg kanskje til å endra oppfatning om akkurat dette.

Ankomst Hanasand 19.15. Litt for tidleg. Eg måtte ta det med ro. Eg lusekjørte mot krysset med europavegen, og var der fem minutt seinare. Eg slapp alle bilane frå venstre før meg, sjølv om dei nett hadde kome ut or tunellen lenger borte. Eg hadde stålkontroll. Eg skulle ikkje ned på noko nedre dekk. Eg skulle ikkje opp i nokon salong. Eg skulle halde meg i bilen min og surfe på nettet på veg mot Bokn.

Eg ana uråd då eg var på Sørbø og ingen møtande trafikk hadde dukka opp. Ferja måtte vera for sein. Eg gira ned og senka farten.

Eg hadde rett. Ferja klappa til kai då eg kom over humpen ved Mortavika. Eg var i trøbbel. Eg betalte, og la meg i fil nummer 3. Eg tenkte eg skulle la alle andre køyra ombord før meg. Eg la meg bak ein trailer. Eg tenkte at der var eg trygg.

Men nei.

Trur du ikkje den elendige ferjemannen kom luskande og vinka meg ut. Vinka meg til venstre. Ned i avgrunnen.

Kva er det med desse folka? Kva er det som gjer at dei må misbruka makta si, slik at me som kjenner systemet og veit kva me skal gjera for å ikkje havna nede, likevel må ned? Har dei mindreverdskompleks heile gjengen? Må dei på død og liv sende alle under dekk?

Den siste månaden har eg prøvd å kome til botnars i dette med ferjemenn. Eg har vore på tur med ein av dei. Han er ein svært triveleg kar, denne ferjemannen. Eg kjenner andre ferjemenn og som er trivelege. Alle ferjemennene eg kjenner er i grunnen trivelege. Problemet er dei eg ikkje kjenner. Og som ikkje kjenner meg. Dei er ute etter meg. Dei hatar meg, dei hatar alle, dei er der for å plaga oss med si meiningslause dirigering.

Så no sit eg her, oppe i salongen.

Elendige pakk.

5 kommentarer

onkel Ingvar

19.jan.2010 kl.22:20

Men dette var då ingen ting å sutra for. Når eg hadde vore i Afrika klaga eg ikkkje på noko når eg kom heim. Men du avsløre at du er ein lite røynd kar. For eg og har røynsler med ferjemenn - av eit heilt anna slag enn slikt "potl" du klaga på.

Kvar gong når eg måtte ta den ferja som ein gong i tida gjekk mellom Hanasand og Ladstein, dirigerte ferjemannen eller -mennene meg opp på ein smal hønsesti mest på utsida av ferja. Du kan vanskeleg tenkja deg korleis det kunne vera. Fleire timar i ventekø. Ferjemannen dirigerte til parkering i motbakken opp til andre høgda Så endeleg framme og flatt batteri etter fleire timar med fullt lys på.

Så difor: neste gong du skal sutra, må du ha ein grunn.

Men det var kjekt å lesa bloggen.

drols

19.jan.2010 kl.23:54

Eg tror di jørr de me vilje. For di vett kos inni hampen sure du bler. "Sjå, nå komme han sinte i Mitsubishien, han må sendas ner, måååå sendas ner".

El-Makno

20.jan.2010 kl.04:59

Eg trur drols har et meget godt poeng :P

Sindre

20.jan.2010 kl.11:28

Du påstår at du kjenner systemet, det at du havner i undergrunnen te seie jo at du ikkje kjenner systemet, eg slepp å kjøre ner, det fins alltid eit triks.

Johan

24.jan.2010 kl.23:20

Fjord1

Skriv en ny kommentar

hits