Zanzibar

I det siste har eg høyrt mykje på Bjørn Eidsvåg. Han har kome ut med ei samling av det han sjølv meiner er dei beste songane hans. Med på plata er ein song som har vore sitert flittig både i Finnmark og i Bjerkreim når me sit der etter ei lakseøkt og tek ein fortjent pause frå det resultatlause fisket. Elva renn forbi, me har ro og fred i sjela, me har eit eller anna godt på grillen. Då tenkjer me på Bjørn sine ord. Tenk å ha vore der, med heile seg. Me seier til kvarandre at nå, gutar. Nå må me passa på slik at me er her med heile oss. Me må suga inn dette, slik at me har noko å flyta på når det røynar på i kvardagen. Me må hugsa dette, hugsa kjensla me hadde og gleda det ga oss.

Det indiske hav slår mot stranda på andre sida av muren. Eg drikk Sprite frå ei grøn flaske. Eg har nett avslutta ein halvtimes bad i dei blågrøne bølgene. Vatnet er vel rundt 30 grader. Me symde ut til ein av dei små katamaran-fiskebåtane som ligg på svai, og som når det er fjære ligg på sandbankane. No var det flo, og me sto ikkje i bånn.

Me ligg der ? så og seie åleine ? og flyt i havet. Inne på land driv folk frå hotellet og grev ned halvparten av ein havslange i sanden. Eg gjekk rett forbi kadaveret då eg var på veg uti ? brillelaus og målretta. Havslangen skal visstnok vera ufarleg. Eg har mine tvil. Eg hadde mest truleg fått hjerteinfarkt hadde vesenet gjort seg til kjenne ute i sjøen, der eg låg og duppa i overflata.

Eg tenkjer på Bjørn. Tenkjer at eg må passa på nå. Eg må passa på å vera her med heile meg. Eg må anga inn livet. Å vera her no ? medan snø og kulde har festa seg i fredrelandet ? gjer at det heile får eit draumaktig skjær over seg. Eg vaknar tidleg og ser sola stå opp av havet. Om kvelden badar me i solnedgang og måneskinn. Eg tenkjer tankar eg aldri har tenkt før. Joggeturar klokka seks er ikkje lenger noko avsindig berre onkel Ingvar kan tenkja seg. Eg kan og tenkja meg det. På stranda. I sanden. Førebels har tankane berre meldt seg på kveldstid. Om morgonen forstår eg at det er nok med ein onkel Ingvar i slekta.

Me bur på austkysten av Zanzibar. Landsbyen Uroa ligg like i nærleiken. Om morgonen reiser mennene ut på sjøen og fiskar, kvinnene går ut i sjøen i dei svarte kjolane sine og sankar havgras. Dette tørkar dei og sel som medisin til Asia for 80 øre kiloen. Då me gjekk tur i dag hjalp me ei av dei med å dra buntane med tare på land. Dei bind dei saman i ei snor, og dreg dei opp på land. Det var svintungt. Det bles mykje her. Det er det einaste eg kan koma på som minner om heime. Vinden er varm, og gjer at varmen på land ikkje blir trykkande. Det er som ein skikkeleg steikevarm sommardag på Finnøy. Kvar dag. Utan at eg treng å tenkja på at eg skulle ha malt huset eller slått plenen.

I går var me ein tur i byen. Trange, middelhavsbyaktige smau. Så havet. Hotella rett på stranda. Avocado til lunsj. Kun ein avocado. Orka ikkje eta meir. I dag har eg knapt nok ete meir enn eit knekkebrød. Er ikkje svolten.

Eg har gnagsår på begge litletær etter at dei nye sandalane mine viste seg å vera noko ugreie å gå i. Uvant som eg er med sandalkjøp, lærte eg meg ei solid lekse. Når ein kjøper sko, er det lurt å gå litt på dei før ein kjøper dei. Når ein kjøper sandaler, er det eit absolutt krav. Gå. Minst hundre meter. Då kjenner du kva som skjer, og ikkje minst, kvar det skjer.

Eg merkar sjølv at eg er i ein slags trance her. Eg konsentrerer meg for å vera her. Med heile meg. Eg går turar på stranda utan sko. Eg solar meg. Eg er lite på internett sjølv om det er trådlaust i resepsjonen. Eg les som ein galen. Eg et middag det tek seks timar å førebu. Eg køyrer lokalbuss inneklemt mellom 20 muslimske kvinner med lange, svarte kjolar. Eg snakkar med folk som eg veit berre er ute etter pengar, og kjøper det dei vil eg skal kjøpa, og tipsar dei i tillegg. Eg smiler utan stans. Eg er ein gladgut. Kva er det som skjer?

7 kommentarer

drols

30.des.2009 kl.19:47

Denne stilen gjer er glatt kakarter 6.

For ein kjekke reisebeskrivelse!

Forbedringspotensial: eg ville hatt merr informasjon om sjøslangen. De har eg aldri hørt om før!!

Espen

01.jan.2010 kl.20:35

Godt nyttår, nabo! Det er underleg å lesa om late dagar på Zanzibar medan det ryker av pipa di og det er - 6 grader her på Kindingstad. Ha ein fortsatt fin ferie!

Sigrid

02.jan.2010 kl.01:21

åå...dette like me..

P.S godt nyttår;)

El-Makno

03.jan.2010 kl.00:08

Du skrive som om du sko vore norsklærar Kåre! Godt nyttår! :D

mr. Bucket

03.jan.2010 kl.08:31

Well, tenkt aa melde flytting?

Ingvar Vignes

04.jan.2010 kl.22:48

Eg la inn ein fin kommentar til denne bloggen like etter at eg lese den. Eg ser at eg - som vanleg - ikke fekk dette til, og difor repeterar eg det viktigaste av innhaldet: du var glad for at det berre var ein onkel Ingvar i familien. Så uttrykte eg glede over at det berre er ein Kåre også. Me har ikkje bruk for to.

Kvitveis

05.jan.2010 kl.19:36

Dette likar me :) Gla-Kåre kan me leva med!

Skriv en ny kommentar

hits