Sykkeltur


Knut festar på seg knebeskyttarane. Det skulle visa seg at desse glir ned akkurat når du dett, og du blir oppskrapa på kneet likevel.


Eg veit ikkje kva som ventar meg her. Då hadde eg ikkje flirt sjølvsikkert.


Punktering langt frå folk. Kva gjer det, når me har danske Per med oss? Han var ein rev på å køyra. Og på å skifta slange.


Turen gjekk gjennom ås-landskap som dette, tett jungel og sletter. Og landsbyar. Og tun. Eg tenkte mange gonger på kva eg hadde gjort dersom nokre idiotiske turistar hadde køyrt motorsykkel der eg prøvde å jaga kyr. Eg hadde ikkje vore så imøtekomande som masai-folka me traff.


Me fekk kjeft av Inger Line for at me hadde skitna ut dusjen då me kom heim. Dette står for meg som djupt urimeleg.


Her eg så trøtt så trøtt, og så mett så mett på motorsykkelkøyring. Vondt over alt. Skitten. Støv i alle kroppens hulrom. Likevel pressar eg fram eit smil. Like etter dette var me nede på hovudvegen. Eg har aldri vore så glad for å sjå asfalt.


Knut var i kjempeform då me kom ned, og gliste rundt. Stolt av seg sjølv. Med rette.


Dei velsigna gutane Sindre og Bardur tok meg med på kinarestaurant då me kom heim. Eg var så trøytt at eg såg ikkje land. Men utsiktene til kinamat gjorde at eg vart med dei. Og det må seiast: Kinamat er betre i Tanzania. Mykje betre.

6 kommentarer

El-Makno

25.des.2009 kl.17:53

Hahaha :D Tidenes ansiktsuttrykk på deg Kåre :D Hahaha :D

Eg trur aldri eg har sitt deg så sleden någengang :P

kvitveis

25.des.2009 kl.19:24

Har du til og med jord på tennene Kåre? Hjelpemeg, det må ha vore kjekt! :)

Jorunn

25.des.2009 kl.19:57

hahaha, fantastiske bilder!:)

dette afrika..

Bjarne

25.des.2009 kl.21:26

Konne du ikkje spart oss for eit bilde av ein Chelseadrakt, d e jo tross alt jul og tid for glede og hygge..

drols

29.des.2009 kl.12:35

Eg ler meg i hjeeeeel av jord på tennene!!!!!!!!!!

the body

31.des.2009 kl.17:06

Kan ikkje du åg kle deg som ei muslimsk kvinne så sleppe du å skille deg sånn ud?

Skriv en ny kommentar

hits