Kåre-Afrika 1-1

Eg har vore på mototsykkeltur. I går var eg det. Eg fekk ikkje blogga om det då, for straumen gjekk. Straumen er forsåvidt vekke ennå, men nå kjører me aggregatet litt. Men der minkar det visst på diesel, så mi i byrjinga uforskamma gode tilgang på nett, skrantar no litt. Dette er forsåvidt slett inga ulempe, for det gjer at eg kjem i hug at eg ikkje er i Norge. For det er ikkje til å unngå at når eg sit på terrasen om kvelden og ser utover skumringa med ein kald cola i handa, så er det rart at eg her i eit anna land og på eit anna kontinent. Eg har det akkurat like bra som heime. Temperaturmessig har eg det mykje betre!

Men motorsykkeltur. Før turen hadde eg ein sterk og klar ambisjon om å koma frå det med livet i behald. Det klarte eg. 1-0 til meg. Men det må seiast: Hadde eg visst kva som venta meg, hadde eg aldri teke i veg med dette her. Me kjørte opp og ned bratte fjellsider på ein 250-kubikks motorsykkel. Eg har aldri vore borti noko slikt før. Eg hadde jo moped. Men dette var noko anna. Dette instrumentet tok jo ut i ein hendelses fart når eg vrei på gassen.

Etter ein del timar, var eg uoppmerksom og havna i eit bekkefar i vegen. Det var ikkje til å unngå at eg kom til å detta. Det var veldig likt som å stå på ski, og så koma inn i eit spor ein ikkje kjem seg ut av utan å gå på trynet. Eg datt til høgre, og fekk heile vekta på høgre skulder. Då eg la meg i går visste eg at dette kom til å bli ei smertens natt. Og det vart det. Eg motsto likevel fristelsen til å gå ut og ta paralginane Knut hadde lagt klar som nattmat til meg. Inger Line stelte skrubbsåret, og nokre timar søvn fekk eg trass alt. Likevel må eg vedgå at Afrika fekk inn ein fulltreffar på meg, og me seier at stillinga er 1-1 så langt.

Men for ein opplevelse! Ville ikkje vore utan. Mørbanka som eg er.

I dag har me teke det veldig med ro. Vore nede i byen og handla til jul. Eg fekk plukka ut min eigen julepresang, så stova mi vil no får eit noko sterkare preg av Afrika enn kva tilfellet er no. Trafikken er her er grusom. Heldigvis er Knut like grusom, og får oss fram - ofte med fråde i munnvikane i sinne over alle idiotane som ikkje kan køyra. Takk, Knut. Du er ein god vert.

Vidare i kveld blir det å få pinnekjøtet i vatn. Og så får me vona at straumen kjem tilbake. Ellers blir det skralt både med blogging og bilder framover. I tilfelle eg ikkje kjem på nett før jul: Ha ei fredeleg julehøgtid. Eg ser ikkje føre meg at julestemninga her kjem til å bli av det tradisjonelle slaget. Det er rett og slett for annleis til at det kan skje.

2 kommentarer

El-Makno

24.des.2009 kl.03:20

Go jul Kåre! :D

Ingvar Vignes

24.des.2009 kl.08:40

Ja, motorsykkel er ikkje spøk korkje i Norge eller Afrika. I si tid hadde eg sertifikat på stor motorsykkel, men hadde neppe fått det om eg hadde kjørt opp i Sahara. Kjekt å høyra frå deg på denne måte. Det er julafta og julekortstemning og her i huset ønskjer me deg og vertskapet velsigna jul. Hels dei om denne når fram

Skriv en ny kommentar

hits