Lovlause tilstandar på Finnøy...

... er overskrifta i denne artikkelen i Aftenbladet i dag. Det er Texas på Finnøy. Det er vilt. Det er pigede nesten som ein skulle tru det er ein fognabu på desken i Aftenbladet.

Kva er det som skjer på Finnøy? Skyt dei kvarandre og stikk med kniv? Slår dei kvarandre ned på kaien? Ravar trettenåringar rundt fulle utforbi Handelslaget medan valdtektsmenn luskar i buskane?

Nei. Ein mann har drukke øl på ferjekaien. Nokon har kjørt utan førarkort medan andre har hatt med seg eit par kompisar i traktoren.

Det gjekk hardt for seg på Finnøy i helgå? Herlighed. Og ærligt talt.

I slutten av artikkelen står det at det ein mann i Stavanger stakk av frå politiet med narkotika på ein motorsykkel han hadde knabba.

Me skal ikkje underslå at Finnøy har kriminalitet og at ikkje alt er som det burde vere. Men eg finn meg ikkje i at me blir framstilt som om me sko ver Jørpeland. Der får vera grenser.

9 kommentarer

drols

08.05.2007 kl.23:05

heilt enige. håplaus artikkel.

Øystein

09.05.2007 kl.17:55

Eg bler varme. Latterligt! Hadde eg ikkje vist at dette va mannen t min tidlegare fysikklærar (som forøvrig e frå jørpeland, syndens ubestridte hovedstad), hadde eg trudd at d hadde vore rennesøyskjøger som stod bag tittelen. Trist

10.05.2007 kl.23:14

Dette e jo herlig deskarbeid av aftenbladet :)

Trahaug

12.05.2007 kl.04:04

D va heldigvis ikkje eg som blei tatt for å trimma scooteren iallefall.

Kjetil

12.05.2007 kl.08:00

Det festligaste e jo kommentaren frå Gunnar Landa. Det e virkeligt någe så varme ein tidlig playoffs morgen.

Kjetil

12.05.2007 kl.08:05

Å eg har oppdatert litt i det sista.

Ukjent

18.05.2007 kl.18:35

Dette er det sanne fakta om Finnøy. Fin artikkel.

kvignes

18.05.2007 kl.20:00

Anonyme kommentarar e jo alltid saklige.

Ukjent

19.05.2007 kl.00:07

Det va fra ein Fognabu. Då er dei saklige.

Skriv en ny kommentar

kvignes

kvignes

37, Finnøy

Barnsleg og komplisert. Det burde eigentleg vore nok, men så slår det meg: Dersom eg skriv meir her, betyr det at annonsa som plar stå rett under bildet mitt, mest truleg vil bli flytta ned. Og det er bra. For kva annonser er det som regel her inne? Akkurat no er det ei som heiter "Knallfin rumpe", og som reklamerar for anti shake treningstights. Dette er sikkert eit kjempeflott produkt, og noko mange kan ha nytte av, men eg vil helst ikkje ha rumpereklamar i umiddelbar tilknytning til mitt fjes. Eigentleg bør eg berre skrive denne omtalen av meg sjølv så lang at annonsa havnar så lang ned at ein må scrolle for å sjå ho. Ein veit aldri kva slags annonser som dukkar opp. Eg er eigentleg ikkje interessert å reklamera for noko som helst, det einaste måtte vera om nokon som produserer dyre tohånds laksefiskestenger fann ut at deg var ein mann det var verdt å sponsa. Men denne bloggen har ikkje som utgongspunkt å tena pengar. Eg er heller ikkje interessert i å få andre folk til å meina som meg. Kva er det eg eigentleg vil? Dersom me skal bli litt seriøse: Eg vil fortelja historier frå livet mitt, slik at søstera mi og bror min kan ha noko å mora seg over i kvardagen. Dersom andre også finn glede i mine betrakningar - hjarteleg velkomne.

Kategorier

Arkiv

hits