Kåseri - NLM vgs

I kveld har eg hatt kåseri. Eg er på personalsamling for alle NLM vgs-skulane. På Tryggheim. Erkefienden gjennom mange år. No ein alliert. Eg fekk i oppdrag av kollega Leon å setja ord på skepsisen min. Og det gjorde eg. Dette kåseriet er definitivt relativt internt. Og bør takast med ei klype salt og to.

Here we go:

 Eg hugsar godt første gongen eg høyrte ordet NLM VGS.  Det var i biblioteket på Lundeneset. Me hadde møte i info-gruppa på skulen, og eg visste ganske fort kva dette ville innebæra. Og eg var ikkje begeistra. For dette ville få konsekvensar. Sterke konsekvensar. Og eg er ikkje ein mann som likar konsekvensar.  Faktisk, når eg tenkjer meg om, er det svært få ting eg mislikar sterkare.

Og no visste eg at dei ville komme. Tida var inne for at eg måtte begynna å snakka fint om Tryggheim.

Då eg byrja på Lundeneset for snart ti år sidan, lærte eg fort at det var to ting som irriterte meg meir enn noko anna når eg var tilsyn. Det eine var karmøybuar som kom på besøk og aldri reiste heim før lenge etter stengetid. Det andre var tryggheimselevar. For dei ville overnatta. Midt i vekene. Og dei blei sinte. Og sa at Lundeneset var mykje verre en Tryggheim. På alle måtar. Eg visste jo godt at det dei meinte var at Tryggheim var betre fordi EG ikkje var der.

I løpet av mine ti år på Lundeneset har eg jaga heim fleire karmøybuar og tryggheimselevar enn eg har tal på. Eg har truga med å ringa rektorar og farar og morer, eg har øst meg opp og blitt utskjelt.

Og på biblioteket på Lundeneset då NLM vgs vart omtala første gong, visste eg at no, no måtte eg leggja av meg uviljen. Leggja av meg skepsisen. Leggja av meg frysningane på ryggen eg fekk dersom eg høyrte navnet Tryggheim.

For me må vera ærlege med kvarandre. Det har ein viss sjarm å ha noko å mislika. Det krydrar kvardagen å ikkje alltid delta i heiagjengen. Og eit av kryddera mine var å dela ut stikk til Tryggheim så mykje og så ofte eg kunne.

Eit av dei beste høva til å driva aktiv konkurranse med Tryggheim hadde vore den årlege yrkesmessa i Stavanger. Yrkesmessa ga meg verkeleg høve til å få ut all aggresjon. Me kunne dra ut kontakten til vaffeljernet til Tryggheim. Me kunne prøva å stjela elevane deira. Me kunne oppsøka folk i vaffelkøen og kapra dei over i vår lappe-kø. Og me kunne overbevisa folk som trudde dei ville til Tryggheim om at det var Lundeneset som var plassen for dei.

Slik har eg vore med på å redda hundrevis av norske ungdommar frå å sleppa å bli utsette for villmannskjøring med traktor, for ikkje å snakka om alle dei eg har redda frå å måtte ha Kjartan Håland som gymlærar.

Men no var det slutt. Eg sat på biblioteket på Lundeneset og innsåg at nå måtte eg innta ei positiv haldning til alle desse skulane. Til Tryggheim. Som eg såg på som hovudfienden. Til Drottningborg. Der begge søskena mine hadde gått, og som eg hadde observert var full av folk frå Austlandet med rare klær. Til Kvitsund, der dei var så konservative at dei fekk Norsk Luthersk Lekmannsmisjon til å framstå som relativt frilynte. Til Sygna, der det er så bratt og ulendt at eg måtte reparera handbrekket mitt på bilen min for titusenvis av kroner den eine gongen eg har vore der. Til Kongshaug. Som tvang meg til å vera med i gospelkor på ei tidlegare personalsamling. Til Vestborg, som ein ikkje trur kan vera så utruleg langt vekke når ein set seg inn i ein minibuss for å reisa til saman med heile personalet på skulen du nyleg har starta å arbeida på, men som viser seg å vera så langt at du like gjerne kunne køyrt til austkysten av Sverige og teke ferje eit godt stykke til Finland på tida du bruker opp dit. Hjelpe meg. Og Val. Som har eit rart navn og driv med lakseoppdrett, som eg avskyr. Og Nordborg. Som ligg på den staden me var på busstur til då eg var i militæret. Det einaste eg hugsar frå den turen var at det var frykteleg. Og dermed måtte Nordborg også vera det. Ingen skal kunna angripa meg for å ikkje vera ein mann som tyr til logiske slutningar og veloverveide vurderingar.

No har eg vore to dagar på yrkesmesse i Stavanger. På same stand som Tryggheim. Eg må vakta mine ord vel. Eg må passa meg for å seia noko som kan vera negativt om dei eg er på stand med. Eg må dela ut Tryggheim-brosjyrer.  Og eg må senda folk til sørlandet og indre Telemark. Det svir. Å du, det svir.

Men eg gjer mi plikt.

Og observerer at dei andre eg er på stand med er mindre bitre og betrakteleg meir  venleg innstilte til dette samarbeidsprosjektet vårt. Dei snakkar varmt om dei andre skulane, og dei klarar å gjera dette på ein måte som eg motviljug må seia er ganske så god.

Så kanskje det berre er eg som er sur og vrang. Som heller vil stikka tannpirkarar gjennom  nasen min enn å snakka fint om Tryggheim.  Kanskje det berre er eg som er slik. Kanskje det har starta å festa seg ein NLM vgs-indentitet hjå folk rundt om kring.

Kanskje det er håp. Ein eller annan stad der ute blandt roll-upar og vaffelsteikarar på utdaningsmesser.

Og det må jo seiast: Du verda kor mange trivelege folk det er rundt på desse skulane. Eg kjenner i grunnen berre ein som er ein rektig vrangknok. Og han er akkurat ferdig med å halda kåseri på NLM vgs-samling.

It's Friday

Og her sit eg. Og ser på ein dokumentar om ein rar norsk kunstnar dei påstår er den nye Munch. Hjelpe meg. Bjarne Melgaard er aldeles galen, og eg ville ikkje vorte overbegeistra om søster mi kom heim med han. No er søster mi svært godt gift, så eg slepp heldigvis å uroa meg for at noko slikt skal skje.

Det er fredag. Kva er det med denne dagen? Me jublar, me hoppar, me er aldeles yre. For det er fredag. Og i morgon er det laurdag. Denne dagen som me ser fram mot heile veka. Men det er fredagen som er the shit.

Det er fordi me har gleda over forventninga om laurdagen. Det er forventninga som gjer at me blir så glade og oppstemte.

Å ta frå oss forventninga er dårleg gjort. Eg har sjølv gjort det. For å oppfylla mitt eige behov for å overraska. For å tilfredsstilla mi eiga forventning.

Men så kjem laurdagen. Og då me veit det. At rett bak der, der er søndagen. Den lange dagen. Dagen før måndagen. Laurdagen blir ikkje det same som fredagen. Kvardagen er for nær.

Nett no fryktar eg verken søndag eller måndag. Det er er fredag, og i morgon er det laurdag og eg kan sova så lenge eg vil. Og det skal eg flaten meg gjere. Så skal eg stå opp, gå til far min, eta nokre skjever, drøsa om laust og fast, gå på butikken, sjå fotball. Det er laurdagen min.

God natt.

Facebookferie

Eg veit ikkje korleis det starta, eigentleg. Men det var noko med den nye utforminga på Facebook som gjorde meg litt uvel. Eg har vore med sidan starten, og har hatt svært stor glede av Facebook. Det må seiast. Eg har opplevd få skandalar, men har diverre vore vitne til ein del. Fleire og fleire, eigentleg. Ikkje minst den siste tida. Folk gløymer å logga av, folk veit ikkje kva ein skal leggja ut, og folk oppfører seg i beste fall lite vist. Eg har tatt vekk haugevis av folk frå nyhetsfeeden min. Eg orkar ikkje lesa om kattungar og alskens spel og grupper og hendelse og les dette og del dette ellers er du eit ræva menneske, og så vidare. Nei. Eg orkar ikkje å få med meg alt som skjer. Eg VIL ikkje ha med meg alt som skjer. Men no kunne eg plutseleg ikkje unngå det.

Det hamrar inn med mykje rart. Kommentarar frå folk eg aldri har høyrt om. Svære bilder av alle eg er venn med. Eg byrja å fjerna og trykka på knappar. Men det er eit styr. Eg er trass alt ein over gjennomsnittet lat mann.

Så eg tenkte tanken på å forsvinna frå heile Facebook. I alle fall for ein periode. Og så gjorde eg det berre. Forsvann i ei veke.

Eg trur mange av dei eg kjenner trur eg er avhengig av Facebook. Eg kan forstå kvifor. Det er fordi alle eg kjenner er idiotar. Neidå. Det er fordi eg nok har hatt ein tendens til å vera pålogga stort sett heile døgnet. Og det har blitt misforstått til å vera avhengighet.

Og det er ikkje til å stikka under ein stol at det er kjekt med Facebook. Alltid nokon å snakka med. Muligheten til å få dela store og små hendingar i livet.

Muligheten til å leggja ut bilete av UNGANE DINE SOM PROFILBILDE.

Beklagar, beklagar.

Men eg mislikar det berre så sterkt. Dette med å ha bilete av ungane sine som profilbilete.

For all del. Legg gjerne ut bilde av ungane dykkar på Facebook. Men på profilbildet, vil me sjå korleis det er foreldra ser ut. For det er dei me kjenner. Og vil ha noko med å gjera. Dersom dei klarar å oppføra seg.

Fleire mennesker eg bryr meg om og likar godt har gått i denne fella. De veit kven de er, og no veit de kva eg meiner om handlingane dykkar. Det kjennes berre så inderleg godt å få det ut.

Men jau. Det er mykje positivt med Facebook. Men no ville eg prøva meg litt utan.

Etter å ha vore av Facebook i ti timar, kom den første meldinga.Frå ein kompis. Der stod det, enkelt og greit:


Sei meg nå ærligt, har du fått deg dama?

Svaret mitt var, ikkje uventa: Ka e det nååååååå?

Så viser det seg altså at mitt fråvær frå Facebook vart såpass provoserande for nokre av mine betre vener at dei sette i gong ei kampanje for å få meg inn att snøggast råd ved å skriva panegyriske og samstundes løyndomsfulle gratulasjonar på veggen min. Då eg så sperra muligheten for å skriva på veggen min, byrja dei å tagga bilder av meg der eg ikkje var med, for på denne måten å tvinga meg inn att.

Kva var det med fråværet mitt som provoserte så kraftig? Eg hadde ærleg talt trudd det skulle la seg gjera å vera vekke utan at det skulle klikka alvorleg for Kjell Morten og Ørjan. Men eg tok feil. Dei gjekk heilt bananas. For å få meg inn att. Så eg deaktiverte heile skiten. Og tenkte så og seie ikkje på heile fjesboka før i dag.

Ei veke utan Facebook, og det har vore heilt ok. Har nesten ikkje sakna det. Det einaste som har vore annleis i livet mitt, er at eg ikkje har lagt ut bilder og kommentarar om kvar eg er og kva eg gjer. Eg har vore i Oslo og gjort mykje kjekt, men ikkje noko av det har havna på Facebook. Det har på mange måtar vore svært greit. Eg plar vera ein aktiv utleggjar av reiserelaterte ting, denne gongen vart det ikkje meir enn litt twitring histen og pisten.

I dag logga eg altså inn att. Alt var som før. Det var litt som ha vore i Suldalsheiane utan mobildekning og så vere tilbake i kvardagen og ingen hadde lagt merke til at du var vekke. Og eg merka at eg eigentleg hadde ganske lyst til å stikka rett til fjells att.

15.sep.2011



Eg heiter Kåre Vignes. Eg har blogga sidan mars 2006. Eg har levd for eigen maskin sidan juni 1975. Eg har arbeida på Lundeneset vidaregåande skule sidan august 2002.

Mykje har skjedd.

Men ikkje på bloggen min.

Ikkje på lenge.

For eit år sidan freista eg blesa liv i bloggeprosjektet mitt med å skriva om laksane eg hadde fått. Eg kom til åtte. Eg slutta med den åttande. Eg fekk to til i fjor.

I år har eg fått femten.

Så no veit de det.

Men slapp av. Eg skal ikkje blogga om dei.

Eg skreiv litt frå afrikaturen eg var på i mars.

Eg hadde ein fin tur. Eg er glad eg reiste til Afrika i mars.

Eg blogga så om juni. Og venta på at månaden skulle vera over oss.

Heilt ærleg? Juni vart eigentleg noko drit. 

No er det september. Det er flaten meg september. Eg sit i stova mi på Lundeneset saman med Eirik og Karl Erik. Eirik sit i ein av godstolane Mari og Ellinor ikkje gadd ta med seg då dei reiste herfrå for ein evighet sidan.

Karl Erik ligg i Eirik sin einsetar-sofa, som er stor nok for to mann. Minst.

Me har spela yatzy. Livet går vidare på neset.

Eg bur med Eirik no. Han er fødd i 1988. Eg var engelsklæraren hans. No deler me leilighet. Eg budde med Andreas før han gifta seg. Andreas gjekk i klassen til Eirik. Livet mitt har teke nokre uventa vendingar.

Burde eg vore meir rastlaus? Burde eg kjent på at eg ville gjera noko nytt, møtt nye folk, sett nye stadar, gjort andre ting?

Det kan godt henda.

Men du, kor kjekt det er å vera der eg er. Akkurat no.

Medan me ventar på juni

Medan me ventar på juni sit me i stolen og et osteskjever. Me besøker mormor på Hjelmeland, og me siglar med russarar.

Medan me ventar på juni reiser me på tur opp langs Vestlandet. Me reiser til Bergen og Selje og Ålesund og så heimatt den indre vegen.

Medan me ventar på juni feirar me påske.

Medan me ventar på juni byrjar me å slå plenen og ryddar fram hagemøblene. Me tenkjer at no er det på tide å få gjort det me utsette sist sommar.

Medan me ventar på juni finn me ut kvar me skal feira 17. mai dette året. Det blir neppe London. Og neppe Finnøy.

Medan me ventar på juni feirar mor mi sekstiårsdag.

Så kjem juni.

Tur

Eg har vore på tur att. Ein mangedelt tur. Minst tre delar. Eigentleg fire. Eg har bilder. De skal få sjå.

Første helga i vinterferien reiste eg til Birmingham i høve nabo Lars sin førtiårsdag. Åtte gutar på tur, stor stas. Fotball, god mat og mykje humor.

Etter Birmingham var eg tre dagar åleine i London. Utanom eit møte med a-lagstrenar Ingebrethsen og hans kjære, var eg på eigahand i storbyen. Eit draumescenario, trudde eg på førehand. Det skulle visa seg at det var det slettes ikkje.

Etter London bar det til Afrika. Fem dagar. Etter at eg var der for eit år sidan, har eg visst at eg skulle tilbake snart. At det skulle bli så snart, og at det berre vart fem dagar, var like overraskande. Men no vart det slik. Og du, så glad eg er for at eg reiste.

Heimreise. Frå Nairobi klokka ni tysdag kveld. Framme på Lundeneset halv fire natt til torsdag. For langt. I følge Dorrit var eg nær eit eller anna samanbrot. Det er godt mogeleg ho har rett.

Birmingham

Mange som trur dei kjenner meg trur eg er fotballgalen. Det stemmer ikkje. Eg er glad i fotball, og likar det mykje betre enn mange andre ting. Men eg er til dømes meir interessert i mat enn i fotball. Difor dette biletet av mat frå Birminghamturen, og ikkje frå fotballkampen me var på: På dette bildet er Trygve og Leif Jakob nær slutten av frukosten sin. Me åt frukost same stad kvar dag. Bror min var den einaste som bestilte den største frukosten med blodpudding kvar dag. Eg innrømmer at eg vart imponert. Engelsk frukost gjer noko med deg. Du blir mett på ein heilt særeigen måte. Du kan gå i timesvis. Det gjorde me då og i Birmingham. Fin by. Hyggelege mennesker som tykte me var litt galne som kom heilt frå Norge for å vitja byen deira. Denslags opplever du ikkje i London. Det er berre litt over ei veke sidan Birminghamturen var over, men her eg sit og skriv nå, verkar det som om det var i eit anna liv, ein annan stad.

 

London



Eg hadde sett fram til tre dagar åleine i London. Eg likar å vera åleine. Særleg når eg har vore tett på mange andre fleire dagar på rad. Dette er det veldig provoserande for mange å høyra, og eg får ofte slengt i fleisen at det er utsagn som dette som gjer at eg ikkje er gift. Det er feil. Det er ikkje utsagn som dette som gjer at eg ikkje er gift. Eg seier nemleg aldri slikt til folk eg vil gifta meg med. Stort sett i alle fall. Men jau, eg skulle vera åleine i London i tre dagar. To ting på programmet: Augeundersøking og Spurs-Milan i Champions league. Dei av elevane mine som opplevde meg den dagen Milan-billettane vart lagde ut, vil nok le hånleg av påstanden min om at eg ikkje er fotballgalen. Eg innrømmer at eg den dagen var meir enn galen. Det var jo den største Spurs-kampen sidan 1991, dette. Men før eg kom så langt som til kampen, hadde eg to dagar å slå ihjel. Dette skulle jo normalt ikkje vore noko problem. Kanskje det var hotellet som gjorde at eg mistreivst? Eg trudde eg kunne bu kvar som helst, berre eg hadde eit rom å sova på. Men det får vera måte på. Eit minstekrav når ein er åleine er at det er internett tilgjengeleg. Det var det ikkje. Og det var trangt. Eg var fanga på fire kvadratmeter. Eigentleg var kanskje hovudårsaka at eg berre hadde lyst å koma meg til Afrika. Men så var det denne fotballkampen, då. Der vart det så nervøst at eg har nesten ikkje vore med på maken. Alle sat ytterst på stolane sine og orka ikkje laga ein lyd, omtrent. Etter kampen reiste eg ned til Islington og vandra litt rundt. Islington er ein bra plass, berre ein kjem seg heim i rimeleg tid og på rett buss. Denne gongen traff eg på tida, men bomma på bussen. Eg enda opp i ein bussgarasje ved London Bridge og fant ut at den einaste måten å koma seg heim på utan å frysa forderva var å få tak i ein taxi. Taxisjåføren var herleg. Eg var i humør til litt drøs, og sette han i gang på to områder taxisjåførar plar ha meiningar, uansett kvar ein er: Innvandring og bensinprisar. Det første var han sterkt imot. Utanom slike som meg, sjølvsagt. "I don't mind people like you coming over, you stay here a few days and then fakkaff back to your own country".  Betryggande. Det andre var han og svært oppteken av. Og han var galen på styresmaktene. For det er jo sjølvsagt deira feil. Det aller, aller meste.

 

Kenya



Villa Vega. Eit godt stykke utanfor allfarveg. Her finn du staden på kartet. Eg har høyrt om denne plassen i nokre år nå. Eg kjenner nemleg ei dame som har beskreve dette som eit paradis så ofte det har vore høve til det. Og no bur ho der, og då var det berre å reisa. Andreas, som eg deler leilighet på Lundeneset, og hans tilkomande frue, var med. Dei kjente og folk på VV.Me treftes i London på torsdagen, og det var rett og slett ein befrielse å treffa kjende att.

Paradis bør oppsøkast, særleg når ein finn flybillettar dit til under prisen av tre netter på eit hotell i London som ikkje gjer ein deprimert. Å sei frå at ein kjem er ikkje naudsynt. Å ikkje gjera det, kan rett og slett anbefalast. Sjåfør Bob risikerte både bånnplater og det som verre er for å få oss ut. Vegane på landsbygda utføre Nairobi er ikkje noko særleg. Men faktum er at me kom oss ut i ei stasjonsvogn. Så eg har definitivt sett verre vegar. I Suldal og på Fogn til dømes.

Dei fem dagane fauk avgarde. Me fekk oss ein liten safari, Nairobibytur, fantastisk mat og slapping av på Villa Vega. Og me blei stempla som galne av samtlege NLM-misjonærar. Dei kom ut på søndagen og hadde eit slags misjonærmøte på villlaen. Faktum er at Nairobi ikkje er så langt unna. Og femdagarstur er uendeleg mykje betre enn ingen tur.

Heimreisa vart lang. For lang. Då eg kom til Stavanger var eg aldeles utkjørt. No har eg kvilt. Og tenkjer tilbake på flotte opplevingar. Me avsluttar med nokre fleire bilete.

Kåre på afrikansk barneheim. Dette var dei tre einaste som ikkje var for redde for meg til å bli tatt bilde av. Ein av stakkarane gøymde seg bak eit skap. Dei tinte opp etter kvart, heldigvis. Herlige folk. Sterke inntrykk.

Einliters glasflasker. Nostalgi. Daglegdags i Kenya. Torodd er colamodell.

Sola går ned over Ngong Hills. For ein plass på denne jord.

Eg kjøpte meg vase på glasblåseri. Knust før flyet. Bitter nedtur. Maria lo seg skakk.



Nøgd Maria på Rolf's place. Ein av dei beste restaurantane eg har vore på. Nokon gong.

 



Soloppgang, Nairobi National Park. (To siste foto: Andreas C. Våge)

Komleskrekk

Eg har alltid hatt komleskrekk. Altså skrekk for å laga komler. Eg har prøvd meg på mykje anna rart, der høgdepunktet til nå vel må vera den gongen eg brukte fire timar på å beina (eller bruska, for å vera nøyaktig) ut ei svær skate far og Olemann hadde fått på utlegget. Resultatet vart greit nok, men det stod ikkje i stil til tidsbruken.

Komler er jo noko spesielt for ein vestlending. Dersom me hadde lausrive oss frå resten av landet, ville det ganske sikkert figurert høgt på lista over nasjonalrettar. Komla har sin eigen mystikk, og sine eigne ritual. Kva skal me ha som tilbehøyr? Kva skal me drikka attåt? Sjøv har eg klare preferansar. Eg vil ha salt sauekjøt, kokte gulrøter, kokt kålrabi og smelta margarin. På steikt komle vil eg og ha litt sirup på sida. Det er ikkje noko med plar sysla med på Finnøy, og er noko eg har plukka opp ute i andre komleland.

Eg elskar komler, men har altså aldri våga å laga det sjølv. Eg har oppfatta heile komleprosessen som mystisk og litt heilag. For det finst gode komler og det finst dårlege komler. Og eg kan ikkje fordra dårlege komler. Eg ville ikkje likt å vore skuld i at folk fekk i seg dårlege komler.



I det siste har eg havna i diverse komlerelaterte diskusjonar. Eg har ved fleire høve påstått at komler laga av noko anna enn poteter ikkje er brukande. Komler basert på poseprodukt har eg avskrive som uakseptabelt uansett. Eg stilte meg litt meir åpen til ferdigkomler. Det skulle eg ikkje gjort. Dei er ikkje gode. Eg testa det nemleg ut sist veke. Ikkje brukande. Dei smakte lite, og hadde vassaktig konsistens. Dei eg diskuterer med endar ofte opp med å seia at dei aldri i livet vil invitera meg på komler. Det meiner eg er ei avsporing. Det finst nemleg ingen rasjonelle argument mot å laga komler heilt frå botn av.

Komlefrykta mi har og sine grunnar i at eg har sett folk mislukkast totalt på komlefronten. Det har vore smertelege opplevingar. Det fortvila blikket dei har når dei unnskyldar at komlene berre vart små, blaute klumpar i ei stor smørje. Det er ikkje eit vakkert syn.

Første gong eg var involvert i komlelaging, var på heimkunnskapen. Eg vil her retta flengande kritikk mot Finnøy kommune for å prøva å læra små ungar at det går an å laga komler basert på potetmos-posar. Kva i all verda er det for noko? Å ta eit i utgongspunktet forferdeleg produkt, og tru at det skal kunna bli gode komler av det? Eg har prøvd å fortrenga dette, men har eit slags minne om kvite, vasne klumpar som smakte mjøl og lite anna. Forferdeleg. Eg sit berre att med eit spørsmål: Kvifor i all verda brukte me ikkje poteter? Kva var det dei var så redde for?

Neste gong eg observerte andre enn mor mi laga komler, var då eg budde på Vaulen i Stavanger. To venninner laga komler til meg og Tor Øyvind. Dei hadde tatt heimkunnskap på same skulen som meg. Resultatet var såpass ille at både eg og dei hugsar det framleis. Heimkunnskapkomler har øydelagt for mange i min generasjon, er eg redd.

Etter tildragelsen i Granlunden, har eg tenkt at komler, det er noko mor får styra med. Litt som med lefser og mormor. Og kråtakaker. Men etter at mor mi endeleg våga seg til å laga kråtakaker til jul dette året, med vellukka resultat, kom komletanken til meg for alvor.

No var tida inne for å laga komler. Eg oppdaga til mi store overrasking at det einaste du måtte gjera, var å skrella nokre potetet (ikkje mange), horva dei sund (med rasp eller liknande redskap), og elta dei saman til små ballar. Så, etter tjue minutt i kjøtkraft, var dei komler. Fantastisk. Eg kunne nesten ikkje tru at det var sant. Så enkelt? Kvifor styrar då folk på med komler frå diverse posar? Alle kan då skrella ein kilo poteter? Det tek max fem minutt. Då er jo jobben gjort, dersom du har ein kjøkkenmaskin med raspefunksjon.  "At det tek så lang tid å laga mat frå botn" er den vanlegaste orsakinga folk brukar for å forklara at dei gjer seg nytte av tenestane til Toro eller Mølleren (som produserer det populære "komlemjølet" som er så i vinden nå (tilsett kun vatn, og få smaklause, preglause og utrivelege komler), og som eg ikkje kan få meg til å lika).  Fem, max ti minutt lenger, tek det å laga komlene frå botn. Og resultatet blir ufatteleg mykje betre. Det er som forskjellen på Grandis og heimelaga, som indrefilet og blodpudding, som Cevita appelsinjuice og Xtra sin.

Framgangsmåten er enkel.

Du treng litt poteter. Pink er bra, sa mor. Og det hadde ho rett i. Skrell potetene. Rasp dei (helst maskinelt, ellers blir det blodkomler (igjen i følge mor). Bland så oppi salt, 3 teskjeier pr. kilo cirka, og så like deler sikta kveite- og byggmjøl til deigen er ganske så fast. Litt klebrig, men definitivt med deig-konsistens skal han vara, komledeigen. Så rullar du dei til ballar og kokar dei i kjøtkraft. For kjøt må du ha. Og her er me ved kjerna i heile komledebatten: Salt kjøt kan ein koka dagen før komlene skal serverast. Då har ein god kraft til å koka komler i, og middagen er ferdig på ein halvtime. Dersom du set på ein kjele med vatn samstundes med komlegryta, har du tid til å skrella gulrøtter og kålerabi medan komlene kokar. Dei treng ikkje lang koketid om du kuttar dei opp i små bitar.

I dag laga eg komler til 6 vaksne og 4 ungar. Eg brukte 2,5 kilo poteter. Det var nøyaktig dobbelt så mykje som me hadde behov for. Til gjengjeld betyr det steikt komle til middag i morgon. Og det er jo, for seia som det er, minst halve vitsen.

Prosjekt

Eg nevnte i novemberinnlegget mitt at eg har hatt eit anna skriveprosjekt gåande, som har gjort at bloggen har blitt skadelidande. Dette prosjektet var ei julegåve med tektstar frå året som ligg bak oss, som eit lite utval nære og kjære fekk til jul. Eg lova å vurdera å publisera nokre av tekstane, og det skal eg halda. Eg skal publisera ein av tekstane no. Kanskje blir det fleire utover året. Kanskje ikkje. Me får sjå.

Fjorårets februar var eit snøhendelse utan like. Eg er glad for at februar er noko mildare stemt dette året, sjølv om det nå trugast med snø både på Yr og Storm, er me nærmare sommar og vår enn me var på denne tida i fjor. Og hekken, den overlevde. Så då er eg nøgd.

 

Februar





Eg kava meg ut i snøen. I fjos-støvlane tenkte eg at eg var trygg for å få snø i buksa. Eg tok, ikkje for første gong i livet, feil. Ut mot løa var det ikkje problem. Heller ikkje ned til det jernleet. Så entra eg dyrka mark.

Midvegs ute på marka byrja eg å trø i djupare og djupare snø. Midtvegs ute til haugen med trea som onkel Ingvar har truga med å motorsaghandsama, gjekk snøen til knes. Støveltaktikken hadde slege feil, og eg tenkte at dette var då fæle greier. Resten av vegen ut til haugen blei eit kav. Det var hardt arbeid å koma seg gjennom snøskavelen, og tankane gjekk til ein gong far min nesten vart sitjande fast i nokre snøfenner oppe i Stranddalen. Var det slik han hadde hatt det, mon tru?

Det var dagen då februar møter mars. Snøen hadde lege i to og ein halv månad, eit kvitt lokk over både Kvelvå og Kregjen. Her skulle det slåast gras om tre månadar. Eg fekk meg ikkje heilt til å tru det der eg stod og tok bilder med det vesle kompakt-kameraet mitt. Eit kamera som eg må sei leverer varene på ein framifrå måte. Eg har trudd det var blitt offer for tjuveri då eg hadde innbrot i bilen, og fekk 200 kroner i erstatning på reiseforsikringa fordi eg trudde det låg i datasekken.

Då eg støvsugde under sofaen og fann det att nokre månadar seinare, vart eg svært glad. Ikkje berre fekk eg berga bileta frå Finnmarksturen det året, eg slapp og å kjøpa nytt kamera. Ny ladar måtte eg kjøpa, den gamle hadde eg sendt til forsikingsselskapet som bevis på at eg hadde vore eigar av eit kamera i det heile. Og den nye kosta 500 kroner, etter kva eg hugsar. Eg anser meg difor ikkje som forsikringssvindlar.

Eg har mange gonger irritert meg over vinteren og snøen dette året. No kokar det ned til at dersom berre hekken min er spart, så skal eg heller tilgi kulden og snøen. Berre hekken spirar og får grøne blokker, skal eg tilgi snø i støvelen, bil fast i grøfta og frost i nasen om morgonen.  Berre hekken blir spart. Og får spira.

 

Yatzy

I det siste har eg spelt ein del yatzy. Vanleg yatzy i jula med mormor, og maxiyatzy på Lundeneset. Det er ingen tvil om at Maxiyatzy er kjekkast, og det er heller ingen tvil om at eg blir sur og provosert av folk som avskriv yatzy som flaks og tidtrøyte utan taktisk tilsnitt. Dette er tull. For å sleppa å forklara mitt yatzy-syn kvar evige gong det skal spelast, skal eg no forklara ein gong for alle kva eg meiner om Maxiyatzy. Det er min ambisjon at dette blogginnlegget skal bli eit slags standardverk for Maxiyatzyarar.

Me tek det, ikkje uventa, punktvis. Med påstandar og forklaringar. Litt som ei katekisme. Eller ei Confessio Augustana.

1. Maxiyatzy er berre flaks.

Maxiyatzy er sjølvsagt ein del flaks. Får du ikkje seksarar, så får du ikkje seksarar. Men eg påstår at ein dyktig Maxiyatzyspelar kan redusera elementet av flaks til kanskje 80-85%. Du har høve til å bruka taktikk, til dømes ved å skaffa deg bongar. Du kan stryka einarar, ta 12 på ett par dersom du får to seksarar på første kast, du har eit hav av muligheter. Dersom du har problemer mot slutten, kan du stryka full straight før du har kasta eit einaste kast, og dermed innkassera bongar. Urutinerte spelarar nyttar seg sjeldan av desse mulighetene, og havnar dermed på ein lågare poengsum enn dei hadde trengt å havna på. Å vita kva tid du skal satsa på hus og tårn, og vita kva tid du skal ta til takke med hus, er ein annan ting. For ikkje å snakka om den fulle straighten. Får du han ikkje på første kastet, er det berre å gi opp. Mange bongar har blitt fånyttes brukt i jakta på den fulles straighten.

 

2. Tvungen yatzy er kjekkast

Tvungen yatzy er for folk som tykkjer det er litt komplisert å knytta skoa, og difor berre brukar borrelås. Å spela tvungen yatzy tek vekk det vakre i spelet. Det er som å sjå Hellas spela fotball. Ved tvungen yatzy forsvinn så godt som heile taktikkelementet, og ein sit att med eit spel blotta for innovasjon og spelarpåverknad av det endelege resultatet. Her er det ikkje hjerneaktivitet. Her er det zombie-aktig trilling av terningane og mekanisk skriving ned av resultatet. Keisamt og meiningslaust.

3. Å spela med bongar er komplisert

Hjelpe meg. Dette er enkelt. I yatzy har du tre kast. Får du stor straight på første kastet, har du to kast til gode. Dette viser du ved å ta to bongar. Desse byter du så inn mot ekstrakast med eit seinare høve. Enkelt, og genialt. Og det som gjer spelet verdt å spela. For her kjem, som nevnt, taktikken inn i biletet.

Eg finn og grunn til å nevna oppførsel som irriterar meg grenselaust hjå motspelarar:

- Overdreven tenking tidleg i spelet.

- Unødvendig stryking oppe, som medfører stress for å få bonus seinare.

- Idiotisk prøving på å få full straight. Ekstra irriterande dersom dei faktisk FÅR det.

- Folk som ikkje ser verdien av å få bonus

- Folk som ikkje stryke ting for å få bongar

- Folk som kaste terningane sine inn i allerede kasta terningar

- Folk som ikkje forstår mitt system for å skriva poeng oppe (Eg sette ein strek dersom ein oppnår fire av det ein prøve på, så pluss eller minus dersom ein får henholdsvis meir eller mindre)

 

Det var alt. Meir treng ein ikkje vita om Maxiyatzy.

Tørke

Etter at eg la ut det siste lakseinnlegget, var eg så utlada at eg ikkje har blogga etterpå. Både nummer ni og nummer ti gjenstår, og eg føler eg må gjera dei ferdige før eg går vidare. Det bør vera svinte gjort, det er nummer åtte som er hovudlaksen. Det er den eg ser føre meg rett før eg sovnar, nesten kvar kveld. Eller eit par tre gonger i månaden i det minste. Men bloggtørka har ei heilt anna forklaring.

Eg har nemleg drive på med eit sideprosjekt som og har involvert ein del skriving. Mange kveldar i haust har blitt fylt av skriving, og det er ikkje umogeleg at noko av stoffet vil havna her etter kvart. Me får sjå. Det er ikkje alt av det som er eigna som bloggstoff, men ein del av det er heilt klart noko som ville passa inn her.

Nett no er eg litt oppgitt. Eg har akkurat køyrt på ein slik stubbe, og har røska av støytfangaren framme på bilen. Dette to veker etter at eg var innom verkstad sist. Men eg er ikkje sur, og ikkje bitter. Berre litt oppgitt. Vanlegvis ville eg skreke ut mitt sinne og irritasjon, men eg er rett og slett lett til sinns og full av framtidstru.

Det er nesten så eg blir litt bekymra.

Les mer i arkivet » November 2011 » Oktober 2011 » September 2011
hits